Melsom-prisen 2011 til Lars Amund Vaage.

Melsom-prisen har sidan 1924 gått til ei ”verdifull bok” som ”efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse” . Lars Amund Vaage får prisen for den siste romanen sin, ”Skuggen og dronninga”, som juryen kallar "ein original, rørande og tankevekkande roman om mennesket sin plass i verda.

Juryen seier dette om tildelinga: "Det er ei glede å få gi Melsom-prisen til Lars Amund Vaage, som i heile sin forfattarskap har vore ein språkleg fornyar. Kanskje er det nettopp derfor språkløyse har vore eit tilbakevendande tema i bøkene hans. Vaage har vore opptatt av dei som skil seg ut, dei som fell utanfor eller som gjennom eigne val, bevisst eller ubevisst, set seg sjølve utanfor. Det er denne utanforposisjonen han på ulike måtar utforskar med sitt alltid leitande, presise og musikalske språk.

Juryen for Melsom-prisen, som har bestått av Hilde Sandvik, Ola E. Bø og Brit Bildøen, håper denne romanen vil få sin vel fortente ”masseutbredelse” og finne nye lesarar i lang tid framover.

Tidlegare vinnarar av prisen er mellom anna: Einar Økland, Jon Fosse, Knut Olav Åmås, Sigrun Slapgard og Marie Takvam

Skipsreder Ferd. Melsoms legat vart stifta i 1922. Formålet er «fremme av det norske sprog (landsmålet)». Det blir delt ut ein pris kvart år til ein forfattar eller omsetjar som året før har gitt ut  ei verdifull bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Legatet vert styrt av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

Prisen er på 40 000.

 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  

Tags:

Abonner