Nordisk pris til omsetjar Lars Moa

Report this content

Den kritikarroste omsetjaren Lars Moa er tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Rysst pris. For si siste omsetjing, U - historier om djevelskap av Carl Jóhan Jensen (Samlaget 2010), vart han hylla av meldarane. Omsetjinga vart kalla "en oversettelsesbragd», «et storarbeid» og «en kraftfull og mørkt syngende oversettelse". Sokneprest Alfred Andersson-Rysst og hustru Solveigs fond er ein pris for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og Island.

Slik grunngjev juryen prisen ( Bjarne Mørk-Eidem, Tone Myklebost, Stein Versto):

"Dei seinaste åra har Lars Moa gjort eit storarbeid med å omsette færøysk samtidslitteratur til nynorsk. Han er den omsetjaren av færøysk litteratur som for tida er den mest aktive, og som gjer mest for å spreie kunnskap om nyare færøysk litteratur utanfor klippane våre. Til nå har han omsett 16 bøker frå færøysk til norsk, og i tillegg til dette har han omsett ei heil rekkje noveller og dikt etter mange færøyske forfattarar."

Lars Moa har omsett blant anna desse bøkene frå færøysk:

  • Sting av Jóanes Nielsen
  • Bruer av svoltne ord av Jóanes Nielsen
  • Símun Sámal av Martin Næs
  • Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn av Jóanes Nielsen
  • Det fins dei som tar månelys på alvor av Jóanes Nielsen
  • Tider skal komme av Oddvør Johansen
  • Dei kallar meg berre Hugo av Rakel Helmsdal
  • Glansbildesamlarane av Jóanes Nielsen
  • U - historier om djevelskap av Carl Jóhan Jensen

Sokneprest Alfred Andersson-Rysst og hustru Solveigs fond er ein pris for å styrke banda mellom Norge, Færøyane og Island.

 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no 

Tags:

Multimedia

Multimedia