Ny app frå Samlaget: Jakob og Neikob

Report this content

Samlagets første app er basert på Kari Stais populære og prisvinnande bok Jakob og Neikob.

Jakob og Neikob er to gode venner som bur i lag, men dei er veldig forskjellige. For mens Jakob seier JA til alt, seier Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike? Og korleis i all verda skal Jakob få Neikob lurt med på biltur når han alltid seier NEI?

Appen er interaktiv og perfekt for ungar frå 3 år. Her kan dei slå av og på lyset, høyre Jakob seie JA! og Neikob seie NEI!, og følgje dei to venene når dei køyrer bil og møter alt frå lampeseljarar til ein skummel krokodille. Appen har òg eit Memory-spel.

http://itunes.apple.com/no/app/jakob-neikob/id464772400?l=nb&mt=8

Sjå Aslak på 2 år presentere appen her

Om Kari Stai:

f. 1974) kjem frå Inderøy i Nord-Trøndelag. Ho er illustratør, forfattar og biletkunstnar.

Stai debuterte med barneboka Jakob og Neikob i 2008. For den mottok ho mellom anna Kulturdepartementet sin debutantpris og Inderøy mållag sin målpris. I 2010 kom Blodrik og Blodfabrikken. I år er ho aktuell med peikebokserien Mopp og Mikko.

Stai er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo med hovudfag i visuell kommunikasjon. Ho har også studert ved Oslo Tegne- og Maleskole og Høgskolen i Telemark.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia