Ny bok om motstandskvinnene under krigen

Kristin Hatledals bok Kvinnekamp - Historia om norske motstandskvinner er den første samla framstillinga av norske motstandskvinners innsats og betydning

Hans Olav Lahlum har alt utropt boka til sin favoritt: ”Hun er både en av Norges mest talentfulle unge historikere og en av bokhøstens mest spennende debutanter. ” (les heile omtalen her)

Historikaren Kristin Hatledal syner at norsk motstandskamp under krigen også var kvinnene sin kamp. 26 norske kvinner miste livet på grunn av motstandsverksemd, og alt frå husmora med 14 ungar til ungjenta på 15 år kasta seg inn i kampen mot okkupantane. Kristin Hatledal gir oss det breie biletet av norske kvinner sin innsats, samstundes som ho portretterer sentrale motstandskvinner som Anne Marie Breien, Dagmar Lahlum, Ingeborg Refling Hagen og systrene Helga og Aasta Stene.

11.10. møter Hatledal Idar Lind (bokaktuell med Kvinnene i Rinnanbanden) til samtale på Litteraturhuset under overskifta Kvinner i krig.  Samtalen vert leia av Svein Sæter.

 

Kristin Hatledal (f. 1983) har mastergrad i historie frå Universitetet i Oslo. Masteroppgåva handla om Dagmar Lahlum. Hatledal kjem frå Stryn, men er busett på Lillestrøm.

Inger Stenersen, marknadssjef i Samlaget, 993 42 394  i.stenersen@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia