Ny roman frå Edmund Austigard med humoristisk blikk på heimefront og livet på heia

Austigards nye roman Solskinsbussen tek oss med til Ryfylkeheiane der ein heimvendt gardsgut vert slept ned i fallskjerm for å redde bygda frå tyskerane

1944. Det er krig. Løytnant Bønarflott og laget hans blir flydd over Nordsjøen av RAF. Etter 17 år i Chicago svevar han mot gamlelandet i fallskjerm. Landinga blir mjuk, han borar seg ned i svartjordmyr. Blir ståande fast som levande blink langt oppe i ryfylkeheiane. Hans einaste håp er at pøsregnet gjer jordmyra så laus at ho slepp taket. Samtidig spør han seg sjølv kva som verkeleg er verdt å daude for? Konge, fedreland, ei fri verd, ære? Eller er det berre kjærleik?

Solskinsbussen gir eit nytt og lettare humoristisk blikk på heimefront og livet på heia. Det luktar høgfjell, krut, sveitte, og svidd gummi, spedd ut med kjærleik og ei demrande forståing av kva det vil seie å ta ansvar. Løytnant Bønarflott leitar seg seg fram mot ei grunngiving for å krige, fins det nokon grunn for å drepe, for å døy? Er det muleg å vere humanist i krig? Boka kjem også inn på korleis det kjennest å stå fast (til livet) i svartjordmyr når ein eigentleg er ute på oppdrag for å fri landet frå okkupasjonen.

Solskinsbussen er ein frittståande oppfølgjar til Edmund Austigards kritikarroste debutroman, Krinsereglane, som ga ei inngåande skildring av Bønarflott-familien frå Årdal i Ryfylke.

Edmund Austigard: (f. 1964) debuterte i 2005 med romanen Krinsereglane og følgde opp med Taxi for B.A. Beckström – eller kunsten å danse på furu i 2008. Ved sidan av å skrive bøker arbeider Austigard i dag som direktør for Den Norske Bokdatabasen.  Han startar i løpet av vinteren som forlagsdirektør i Det Norske Samlaget. Austigard voks opp i Årdal i Ryfylke og bur i Oslo.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia