Ny ungdomskrim om kampen mot pelsdyroppdrett

Report this content

Magnhild Bruheim klar med aktuell ungdomskrim der hovudpersonane kjempar mot pelsdyrnæringa

Hovudpersonen i Blod på hendene, Kami, er med i ei aktivistgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien. Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart meir truande.

Samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene!

Blod på hendene er den fjerde boka i den populære serien om Kami og Bente. Ei krimbok for ungdom, med spenning frå første til siste side, og med aktuelle tema som kamp mot pelsindustrien og mobbing.

Blant unge dyrevernarar fann Bruhem inspirasjon til boka:

-          Eg ville skrive ei bok om samfunnsengasjerte ungdommar, og det var naturleg å velja ei sak som motstand og aksjonisme mot pelsdyrnæringa. Dyr som lir er noko som opprører mange, ikkje minst dei unge. Inspirasjonen min var dei mange reportasjane frå pelsdyrfarmar, som viser skadar og stress hos dyr i bur. For å finne ut meir om kampen mot pelsdyrnæringa, har eg lese mykje på nettet, ikkje minst studert sidene til dei organiserte motstandsgruppene.

MAGNHILD BRUHEIM (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. Bøkene Ny melding (2003), Venneringen (2007), På flukt (2010) og Blod på hendene (2011) utgjer ein populær serie for ungdom, om Bente og Kami som hamnar i farlege situasjonar. Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen og er busett på Lillehammer. 

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no 

Tags:

Multimedia

Multimedia