Nynorsk fagbokpris til prosjekt om norske museumsforteljingar

Report this content

Nynorsk fagbokpris for 2011 går til Sigrid Lien og Hilde Nielssen (UiB) for prosjektet Museumsforteljingar : minne og tagnad i kulturhistoriske utstillingar. I boka vil forfattarane gje ei innføring i teoretiske og metodiske grunnlagsproblem knytt til kulturhistoriske museumsutstillingar. Kva forteljingar blir fortalt gjennom desse utstillingane? Korleis det fortalt? Og kva blir det tagd om?

Dei norske museumssamlingane inngår i ein internasjonal museumskultur prega av den koloniale tidsalder, samtidig som dei også er del av det nasjonale prosjektet. Samspelet mellom koloniale og nasjonale prosessar har vore eit tema i internasjonal forsking på feltet, men er lite reflekt over i Noreg. Det er dette den nye boka til Lien og Nielssen vil rette på. Boka vil formidle innsikt frå den nye museologien som har vakse fram internasjonalt, og vise gjennom konkrete døme frå norske museum korleis utstillingane er konstruerte som forteljingar. Sigrid Lien er professor i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen, og Hilde Nielssen post.doc. i antropologi same stad.

Nynorsk fagbokpris er på 100 000 kroner og er oppretta av og vert forvalta av Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget. Juryen for prisen dette året har vore samansett av Birgitta Lim Ersland og Astrid Marie Grov (frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo) og Kjetil Sjølie og Beate Homlong (frå Det Norske Samlaget).

I tildelinga har juryen lagt vekt på at dette er ei nyskapande innføringsbok i eit emne der det ikkje finst lærebok på norsk. Boka vil i første rekkje vere aktuell som pensum i kulturvitskap, kulturformidling, museologi og historie, men med med si tverrfaglege innretning vil ho også kunne brukast på fag som antrologi og kunsthistorie. Fleire av dese faga er fag der det tradisjonelt har vore lite nynorsk faglitteratur. Med si tverrfaglege vinkling representerer boka eit viktig tilskot til faglitteraturen på desse områda.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia