PRESSEKONFERANSE SAMLAGETS HAUSTLISTE 17.8. KL 10.00 OG FEST KL 17.00

Samlaget presenterer haustlista 17.8. kl 10, på Litteraturhuset (Amalie Skram) i Oslo. Fleire av haustens forfattarar vil vere til stades: Ragnar Hovland, Brit Bildøen, Marit Eikemo, Olaug Nilssen, Sylfest Lomheim, Sigrun Slapgard, haustens debutantar m.fl.

Vi viser eksklusive klypp frå NRK BarneTVs nye satsing Vaffelhjarte , basert på Maria Parr si bok, og frå den premiereklare filmen Få meg på, for faen , basert på Olaug Nilssen si bok. Kl 17 vert det fest i Gøteborgsgata 27 med servering, opplesing og underhalding, mellom anna vonde visur ved Stein Torleif Bjella og Kjartan Kristiansen. NB: påmelding til festen (til: m.hvamstad@samlaget.no ).

Velkomen!

----

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia