PRESSEMELDING: Bård Vegar Solhjell lanserer ny bok tysdag 15.11.

Report this content

Nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell lanserer boka Solidaritet på ny 15.11. Boka er ei personleg farga historie om venstresida og det raudgrøne prosjektet si framtid og grunngiving.

Pressekonferanse på Det Norske Teatret 15.11. kl 10. Same dag møter han Kristin Clemet til samtale på Tronsmo kl 17. Fest på Bushwick kl 19.30.

Boka er eit oppgjer med konservative krefter i alle parti, og eit sterkt innlegg for fornying – i samfunnet, på venstresida og i SV. SV-nestleiaren skriv ærleg og innsiktsfullt om tvil og dilemma i store og små saker. Vi kjem på innsida av det raudgrøne prosjektet – ikkje i form av sladder, men refleksjonar kring det å regjere. Solhjell peikar ut sin visjon og retning for dette politiske kompromiss-eksperimentet, men også for sitt eige parti SV.

Solidaritet på ny er ei modig og perspektivrik debattbok frå ein folkeleg sosialist.

Program lanseringsdagen:

kl 10: Pressekonferanse på Det Norske Teatret

kl 17: Samtale med Kristin Clemet med utgangspunkt i boka. På Tronsmo.

kl 19.30.: Lanseringsfest på Bushwick, Mariboesgate.

Bård Vegar Solhjell (f. 1971) frå Sunnfjord, Sogn og Fjordane, og er utdanna statsvitar. Han har vore nestleiar i SV sidan 2007. Kunnskapsminister 2007–2009, sidan det parlamentarisk leiar for SV. Han er gift, har tre barn og bur i Son i Akershus.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Multimedia

Multimedia