PRESSEMELDING: Bjørnsonstipendet 2011 til Jan Roar Leikvoll

Prisen vert delt ut kl 15 i dag  under ein sermoni på Bjørnsonfestivalen.

Leikvoll debuterte i 2008 med Eit vintereventyr , og i 2010 kom oppfølgjaren Fiolinane. Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar. For dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar. Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme.   Eit vintereventyr blei omtalt som ein «mirakuløs debut» og ei "svart perle", mens Fiolinane vart kalla eit mesterverk av kritikarane.  Leikvoll har tidlegare fått Skardstipendet, og for den siste boka Fiolinane fekk han Nynorsk Litteraturpris og vart nominert til Kritikarprisen.

Frå juryen si grunngjeving : "I båe romanane blir mennesket plassert i ekstreme situasjonar der hovudmålet er å overleva, anten det er ein konsentrasjonsleir eller eit samfunn råka av krig eller miljøkatastrofe, eller båe delar. Alt av normale samfunnsstrukturar har brote saman, alt håp synest borte, mennesket blir konfrontert med både si eiga utsletting og verdas undergang; og i ein slik eksistensiell tilstand degenererer figurane til eit dyrisk stadium. Samstundes ber mennesket med seg minne frå ei anna tid, og desse minna, der refleksjon og moral, kultur og danning er viktige ingrediensar, utgjer ei motvekt til driftene og impulsane som elles styrer romanfigurane. Ei strime av humanitet og omsorg er tilbake, for eksempel gjennom den gamle bestefaren i Fiolinane , som innviar barnet til det vakre, til kunstens plass i livet, til draumen om noko anna enn det konkrete og brutale som omgir dei til dagleg.

Slik spelar romanane til Jan Roar Leikvoll på mørker og lys, gru og kanskje ein flik av håp, og dei gjer det med eit insisterande alvor som vekkjer lesaren. "

Stipendet vert delt ut av Litterært råd, Norsk Bokhandlerforening og Bjørnsonfestivalen . Det er på 15 000 og tidlegare vinnarar av stipendet er Karl Ove Knausgård, Carl Frode Tiller og Sigmund Løvåsen. Stipendet går til  «en forfatter det er grunn til å knytte betydelige forventninger til og som fortrinnsvis er i etableringsfasen».  

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia