PRESSEMELDING: Hulda Garborg 150 år

Report this content

I morgon, onsdag 22. februar, er det 150 år sidan Hulda Garborg blei fødd. Med biografien om Hulda Garborg har forfattar Arnhild Skre løfta fram den nasjonale strategen til å bli Bragevinnar, kjendis og boksuksess i året før ho fylte 150. Boka Hulda Garborg. Nasjonal strateg er no komen i 4. opplag.

Biografien Hulda Garborg - Nasjonal strateg av Arnhild Skre fekk stor merksemd då han kom ut i fjor haust. Boka vart kritikarost og vann Brageprisen for beste biografi. Arnhild Skre turnerer no landet rundt, og held føredrag om allsidige og produktive Hulda Garborg. Skre vann også prisen for Årets nynorskbok 2011, som avisa Dag og tid deler ut.

Hulda Garborg var populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol og kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje var ho litt for glad i sterke menn?, spør Skre i boka.

Biografien fortel også nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.

Frå bokmeldingar

Denne biografien blir stående lenge

Alf Kjetil Igland, Fædrelandsvennen

Biografien er et solid stykke arbeid. Ikke bare fordi leseren blir godt kjent med Hulda Garborg, men like mye fordi Skre formidler et spennende tidsbilde av allmenn historisk interesse. ... Boken er dessuten svært velskrevet.

Sten Inge Jørgensen, VG

Arnhild Skre har et befriende avklart forhold til skrivemåten sin.

Atle Christiansen, Aftenposten

… biografien er appetittvekkjande, ja, openberrande… Biografien vert … ei retteleg frigjerande leserøynsle …

... for alle dei som til liks med meg, på slutten tenkte at denne biografien med sine 669 sider då godt kunne vore endå lengre. Ein rein lesefest!

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Dag og Tid

Hun viser hvor sentral Hulda Garborg var i etableringen av det norske, hun viser hvordan en sterk, insisterende og uhyre arbeidsom kvinne gjennom nasjonal identitetskamp klarte å skaffe seg en maktposisjon i en mannsstyrt utkantsivilisasjon i Europa.

Andreas Wiese, Dagbladet

Arnhild Skre skriv lett og spennande, samstundes som ho dokumenterer godt.

Jan Inge Sørbø, Klassekampen

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia