PRESSEMELDING: Hulda Garborg-biografi kåra til Årets nynorskbok av lesarane i Dag og Tid

Biografien Hulda Garborg - Nasjonal strateg  av Arnhild Skre fekk stor merksemd då han kom ut i fjor haust. Boka vart kritikarost og vann Brageprisen for beste biografi. Arnhild Skre turnerer no landet rundt, og held føredrag om allsidige og produktive Hulda Garborg. Biografien var nominert som beste nynorskbok saman med mellom anna Edvard Hoems Bjørnson-biografi, Frode Gryttens Saganatt og Ragnar Hovland Stille natt. Det er lesarane av Dag og Tids om stemmer fram vinnaren .

Hulda Garborg var populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol og kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje var ho litt for glad i sterke menn?, spør Skre i boka.

Biografien fortel også nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.

Foto av Arnhild Skre.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia