SAKPROSAKURS FOR NYNORSKSKRIVANDE

Samlaget og Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) inviterer til eittåring sakprosakurs for nynorskskrivande.

Sakprosaredaksjonen i Samlaget innbyr i samarbeid med Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF) til eit forfattar- og prosjektrekrutterande sakprosakurs. Dette er ei satsing som går over eit år, og som begynner i november.  Både NFF og Samlaget har i fleire år merkt seg at det kjem ut påfallande lite fag- og sakprosalitteratur på nynorsk, og vil med denne sakprosaskulen invitere ope til idéinnspel og forslag til nye bokprosjekt.

Det er første gong eit slikt kurs vert arrangert. Samlaget og NFF stiller opp med lokale, lærarkrefter og finansiering. Samlaget håper på at mange melder seg, og at forlaget får inn eit stort mangfald av ulike prosjekt og nye forfattarar.

-Det kjem årleg ut svært få sakprosatitlar på nynorsk. Grunna fordommar både i forlag, bokhandel og formidlingsledd er somme skribentar som elles nyttar nynorsk, jamvel blitt overtalte til å skrive sakprosabøkene sine på bokmål. Også etablerte forfattarar treng trening og skolering i å skrive og utvikle nynorsk sakprosa, men hovudføremålet med dette tiltaket er nyrekruttering, seier Sverre Tusvik, redaksjonssjef i Samlaget.

Kurset blir administrert av sakprosaredaksjonen i Samlaget Litteratur, Bente Riise, Cecilie Seiness og Sverre Tusvik. Ein skal også ha eksterne kurshaldarar, men hovudvekta blir økter med intenst tekstarbeid på og mellom dei fire helgesamlingane. I tillegg til forlagsredaktørane er Brit Bildøen, Ottar Grepstad og Arnhild Skre engasjerte innleiarar og aktive konsulentar.

NFF og Samlaget vonar at kurset kan rekruttere nye forfattarar eller prosjekt, der så vel debutantar som meir røynde skribentar med kritisk motstand kan finne grepet, vinklinga, språk og stiltone som forløyser og realiserer nye og gode idear.

For meir informasjon:

Sverre Tusvik: 917 87 227

Bente Riise: 905 84 838

Cecilie Seiness: 951 09 153

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner