Samlaget la fram haustlista 2011

Samlaget la fram si 144. haustliste i dag. Forlaget presenterer sju debutantar denne hausten, fire som skriv for vaksne og tre som skriv for barn og unge. Namn på lista er mellom anna Brit Bildøen, Ragnar Hovland, Jon Fosse, Sylfest Lomheim, Sigrun Slapgrad, Marit Eikemo og Bård Vegar Solhjell.

I september kjem ein ny, stor biografi om Hulda Garborg av Arnhild Skre og Idar Lind tek for seg kvinnene i Rinnanbanden. Mette Karlsvik har skrive ein original portrettroman om Björk og Island, og den kjende NRK-journalisten Marha Norheim er klar med nye essays om kunst, kritikk og litteratur. I oktober kjem boka Statsfiende WikiLeaks  av Der Spiegel-journalistane Marcel Rosenbach og Holger Stark som har fulgt Assange og WikiLeaksfolka tett i fleire år. Forlaget kjem med ny utgåve av Maria Parrs populære bok Vaffelhjarte  i samband med NRK BarneTVs nye serie basert på boka.

Arrangementet starta med at Brit Biløden las Olav H. Hauges dikt Tunn is , som ei markering av hendingane 22.7. Forlagsdirektør Tom Skovdahl sa i sin presentason at Samlaget jobbar med fleire bokprosjekt knytta til 22.7. som vil bli offentleggjort seinare i haust.

Konst. forlagssjef Anne Liv Tresselt presenterte haustens bøker, og viste filmklypp frå Få meg på, for faen og ferske Vaffelhjarte -klypp frå NRK.  Sylfest Lomheim presenterte sjølv si kommande bok Tale er gull , der han tek opp kva som skjer med oss når det fysiske, ansikt til ansikt-møtet, vert stadig marginalisert. Han påpeika at manuset på boka er skriven om etter 22.7. og vil ta opp i seg problemstillingar knytta til nettbruk og anonym debatt.

Bla i årets katalog her: http://www.samlaget.no/nn-NO/Toppmeny/Presse.aspx

Dokument som ligg ved:

Forlagsdirektør Tom Skovdahls tale på lanseringa

Katalogtekstar på alle haustbøker (Masterdokument_Hausten 2011)

Lanseringsdatoar_hausten 2011

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags: