Sigrun Slapgard med romandebut om ukjende historier frå krigen

Sigrun Slapgard , profilert journalist og sakprosaforfattar har skrive sin første roman, Paradishagen . Måndag 7.11. kan du møte henne på Litteraturhuset i samtale med forfattar Cecilie Enger om ukjende forteljingar frå forrige århundre. Dei er begge aktuelle med romanar om alminnelege menneske som sto i veldige omveltningar.

I Paradishagen reiser d en norske regissøren Julie Dalgård til Melk kloster i Austerrike for å lage ein dokumentarfilm. Ein avdød familievenn, bibliotekaren Kurt Leonard, har avslørt delar av ei historie ho vil finne ut av. Det viser seg at her er fleire ufortalde historier knytte til krigen. Det at Leonard har ei fortid som Wehrmacht-soldat, er berre starten. Dalgård går på jakt i hans og familiens fortid både i Nord-Noreg og i Austerrike, og nærmar seg etterkvart nye versjonar av livshistorier ho har kjent sidan barndommen. Med kva rett skal ho skape filmen som vil bli ståande som historia om Kurt Leonard? Og kva versjon skal ho fortelje? I denne romanen får vi lese om forteiing i den næraste familie, om kollektiv forteiing og om konsevensane av dette. Vi blir vitne til korleis kjærleik og død kan slå inn i liv og korleis ulike liv og livshistorier flettar seg inn i kvarandre.

Romanen er basert på verkelege hendingar i forfattarens familie.

SIGRUN SLAPGARD (f. 1953) er forfattar og arbeider også i NRKs utanriksredaksjon. Ho blei nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen for Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), og har også skrive biografien om Sigrid Undset ( Dikterdronningen , 2007). Paradishagen er hennar første roman.

Arr. startar kl 19 og er gratis. Nedjma, Litteraturhuset i Oslo.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Abonner

Multimedia

Multimedia