Skardstipendet 2011 til forfattar Mette Karlsvik

Pris til original, underhaldande og viktig forfattarskap. Karlsvik kjem seinare i haust med romanen Bli Björk, om artisten Björk.

Karlsvik fekk prisen på Samlagets haustpresentasjon i dag. Frå grunngjevinga til juryen: "Mette Karlsvik blei tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005), ei bok som skapte store forventningar til framhaldet av denne forfattarskapen. Ho stod fram med eit poetisk språk, eit blikk på verda og ein stil som alt då var gjennomført og særeigen. Karlsvik har sidan debuten vist at ho er ein av dei mest spennande unge forfattarane i Noreg. Bøkene Flytårn (2007) og Pol (2008) blei følgd av barneboka 1–2–tre! (2009), og i 2011 kom Post oske , « eit stykke intervjubasert reiseprosa». Med årets roman Bli Björk har Karlsvik skrive nok ein vedunderleg original roman.

Mette Karlsvik tek lesaren inn i ei verd der menneskets samspel med omverda, med samfunnet og naturen det lever i, blir formidla i eit utsøkt biletsterkt språk og med omfattande detaljrikdom. Det er ei forførande rørsle i litteraturen til Mette Karlsvik, skapt både av musikaliteten i språket, den assosiative og detaljrike skrivestilen, og ei stadig panorerande rørsle frå det vesle til det store, frå å vere på innsida av huda til karakterane til å betrakte det heile frå distanse.

Med denne prisen vil vi vise at vi set stor pris på det Karlsvik har skrive så langt, og oppmuntre til å halde fram i same retning: å skrive både originalt, underhaldande og viktig."

Sigmund Skard-stipendet går til ein forfattar som har gitt ut minst éi bok med høg litterær kvalitet dei siste fem åra. Stipendet skal medverke til å utvikle den aktuelle forfattarskapen. Stipendet er på 25 000.-

I juryen sit Tom Skovdahl, Finn Totland og Kjersti Instefjord frå Det Norske Samlaget.

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no  , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner