Sylfest Lomheim med ny debattbok:Tale er gull

I boka Tale er gull hevdar Sylfest Lomheim at talen er den mest avgjerande og verdfulle reiskapen vi menneske har – så vel i privatlivet som i samfunns- og yrkeslivet. Mellom langsam biologi og eksplosiv teknologi blir talen – den fysiske, ansikt til ansikt – gradvis marginalisert. Er vi laga for ei slik utvikling? Toler vi konsekvensane av det som skjer med oss og rundt oss?

Lomheim debatterer problemstillingane i boka med Helene Uri og Dag O. Hessen på Litteraturhuset måndag 26.9.  Ordstyrar: Sverre Tusvik. Kl 19.00, Amalie Skram

Meir om boka:

SYLFEST LOMHEIM: TALE ER GULL

Uventa utspel frå markant språkpolitikar

Talen er for oss menneske vår avgjerande reiskap og det mest verdfulle vi har ‒ i privatlivet, i samfunnslivet og i yrkeslivet.

Mennesket har plassert seg i eit triangel som består av tale, tekst og teknologi. Teknologibasert kommunikasjon er på frammarsj med stormsteg.

Talen ‒ den fysiske, ansikt til ansikt ‒ blir gradvis meir marginalisert. Er vi laga for ei slik utvikling? Toler vi konsekvensane av det som skjer med oss og rundt oss? Aldri før har mennesket stått i ein slik situasjon ‒ mellom langsam biologi og eksplosiv teknologi.

Sylfest Lomheim (f. 1945), professor i norsk og omsetjing ved Universitetet i Agder.

I sju år gav han Språkrådet eit ansikt og ei røyst som uredd, humørfylt og markant direktør og debattant. Har gitt ut fleire bøker, m.a. Språkteigen, Skrifta på skjermen og Språkreisa.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Abonner

Multimedia

Multimedia