Terje Torkildsen kan vinne Uprisen for andre gong

Report this content

Spenningsboka Dystopia III nominert til prestisjepris

Terje Torkildsen som i 2009 vann  Uprisen for debutboka Marki Marco er nok ein gong nominert til den prestisjetunge prisen som vert delt ut på Lillehammer i mai. Det er ungdommar frå heile landet som stemmer fram vinnaren.

Torkildsen er nominert til prisen med Dystopia III. Dette er den tredje boka i spenningsserien om syttenåringar frå International School of Stavanger som er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Dystopia-serien er ein actionfylt spennande serie for utolmodige lesarar frå ca. 14 år og oppover

I den tredje boka i Dystopia-serien har 17-åringane Scott, Victor, Kristine og Deepika komme til Belgia.
Utmatta etter vandringa gjennom det katastroferamma landskapet, finn dei til slutt ly i slottet til markien av Moulindam. Men ikkje før dei har komme seg i hus, begynner dramatiske ting å skje: Kokka blir funnen drepen, og det er uråd å få tak i hjelp ettersom telefonen ikkje verkar.

Det blir opptakten til eit klaustrofobisk drama i rein cluedostil, der den eine etter den andre blir mistenkt, og fleire liv går tapt på vegen. Og midt i det heile skjønar Kristine at ho er gravid, og den elles så tøffe jenta balanserer på grensa til kva ho kan tole.

Terje Torkildsen  (f. 1971) debuterte i 2008 med ungdomsromanen Marki Marco. I 2009 kom den første boka i firebokserien DYSTOPIA 2014. Torkildsen er utdanna norsklektor, men arbeider i dag som komikar, skodespelar og kulturprodusent, og er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland frå 2001. Den litterære debuten, Marki Marco (2008), uvikla Torkildsen i samarbeid med 10. trinnet på St. Svithun skole i Stavanger. For boka blei Torkildsen tildelt Uprisen, etter å ha blitt stemt fram av 220 niendeklassingar over heile landet. Torkildsen bur i Stavanger.

Karin Helgøy, informasjonssjef i Samlaget, 970 19 865, k.helgoy@samlaget.no

Samlaget, sentralbord: 22 70 78 00, www.samlaget.no , www.facebook.com/samlaget , www.twitter.com/samlaget

Tags:

Multimedia

Multimedia