Kvinnherad Sparebank kjøper seg inn i SpareBank 1

Kvinnherad Sparebank kjøper seg inn i SpareBank 1 [11.05.06] Kvinnherad Sparebank har vedteke å knyta seg til SpareBank 1-alliansen. Banken blir del av eit samarbeid mellom 21 sjølvstendige sparebankar med over 300 kontor og filialar over heile Noreg. - Kvinnherad Sparebank skal også i framtida vera ein kundeorientert, sjølvstendig og attraktiv bank med lokal forankring til beste for privatpersonar og verksemder i marknadsområdet vårt seier adm.banksjef Åsmund Kåre Rørvik. - Derfor vel vi no å gå med i ein allianse som er tufta på dette prinsippet. For oss har det vore heilt avgjerande at alliansen har kjerneverdiar som samsvarer med våre eigne. - ”Nær og dyktig” er kjerneverdiar i SpareBank 1-alliansen, verdiar vi deler. Samarbeide mellom sjølvstendige sparebankar med lokal forankring er sjølve kjernen i alliansen. Gjennom det som no vert våre eigne produktselskap kan vi tilby eit stort og konkurransedyktig sortiment av dei produkt og tenester kundar forventar å finna i banken framover. - Vi gler oss over å få tilgang til, og å kunna tilby kundane våre, produkt som er spesialtilpassa for den norske marknaden av ein allianse av norske sparebankar. At SpareBank 1 som merkevare er ei av dei sterkaste i bransjen, fortel etter vårt syn mykje om det arbeidet alliansen har lagt ned i løpet av dei 10 første åra sine. - Gjennom Samarbeidende Sparebanker AS har alliansen allereie 16 mellomstore bankar med i samarbeidet. Vi gler oss til å ta tak i arbeidet saman med dei nye alliansepartnarane våre og skal gjera vårt for å bidra positivt til den vidare utviklinga av SpareBank 1-alliansen, seier Åsmund Kåre Rørvik Adm. direktør Gunn Wærsted i SpareBank 1 Gruppen ønskjer Kvinnherad Sparebank velkomen som SpareBank 1-bank. – Kvinnherad Sparebank er ein sterk, lokal og sjølvstendig sparebank som deler SpareBank 1 sitt syn på marknaden og framtida. Eg føler meg trygg på at vi kan tilføre kvarandre innsikt til glede for alle partar. - Kvinnherad Sparebank vil få tilgang til eit vidt sparebanksamarbeid, der beste praksis, produktutvikling og konkurranseevne er viktige bærebjelkar. Samstundes vil SpareBank 1 sin felles produktbase, innan mellom anna spare-/pensjonsområdet, skadeforsikring og eigedomsmekling verte tilgjengeleg i eit nytt og viktig geografisk område, seier Gunn Wærsted. Kvinnherad Sparebank går inn som medeigar i Samarbeidende Sparebanker AS, som igjen eig 17,63 % av SpareBank 1 Gruppen AS. SpareBank 1 Gruppen er eigd av SpareBank 1-bankane saman med FőreningsSparbanken og LO. SpareBank 1 Gruppen eig SpareBank 1 Skadeforsikring AS, SpareBank1 Livsforsikring AS, SpareBank 1 Fondsforsikring AS, Bank 1 Oslo AS, ODIN Forvaltning AS og SpareBank 1 Medlemskort AS. SpareBank 1 Gruppen AS eig også 24,5 % av FIRST Securities ASA. Rosendal / Oslo, 11. mai 2006. Kontaktpersonar: Adm. banksjef Åsmund Kåre Rørvik, Kvinnherad Sparebank, tlf 93 044 044 Adm. direktør Gunn Wærsted, SpareBank 1 Gruppen, tlf 950 45 590 Info. direktør Thoralf Granerød, SpareBank 1 Gruppen, tlf 918 30 369 ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no

Om oss

SpareBank 1 Gruppen AS er eid av SpareBank 1 Nord-Norge (19,5%), SpareBank 1 Midt-Norge (19,5%), SpareBank 1 SR-Bank (19,5%), Samarbeidende Sparebanker AS (19,5%), Sparebanken Hedmark (12%) og Landsorganisasjonen/fagforbund tilknyttet LO (10%). SpareBank 1 Gruppen AS eier 100 % av aksjene i SpareBank 1 Livsforsikring, SpareBank 1 Skadeforsikring AS, Bank 1 Oslo, ODIN Forvaltning AS, SpareBank 1 Medlemskort AS, samt 90 % av Actor Fordringsforvaltning AS, 19,9 % av SpareBank 1 Bilplan AS i Trondheim og First Securities ASA (24,5 %). SpareBank 1 Gruppen AS er sammen med SpareBank 1-bankene deltaker i SpareBank 1 Utvikling DA, som har som formål å gjennomføre felles aktiviteter som ikke er finansieringsvirksomhet. Herunder er SpareBank 1 Utvikling DA ansvarlig for nettstedet www.sparebank1.no.

Abonner