Meir nynorsk på mjølkekartongane frå TINE

Frå sommaren av aukar Tine bruken av nynorsk på mjølkekartongane. Samstundes vert bruken av målform lik i heile landet. Dette betyr auka effektivitet.

TINE er til stades i heile landet, vår verdikjede startar ut på garden og endar hjå forbrukaren. Vi er ei verksemd med lange tradisjonar. Samstundes skal vi gje våre forbrukarar gode opplevingar og vi skal framstå som ei moderne næringsmiddelverksemd. Det er difor heilt naturleg for oss å nytte begge målformer på våre produkt. Det vert nå same bruk av målform over heile landet og det medfører at vi reduserer kostnadene med emballasje og logistikk seier kommunikasjonssjef Olav Håland TINE Meieriet Sør/TINE Meieriet Vest

Med den løysinga som nå er vald, vil du heile tida finne nynorsk tekst på ein av våre søtmjølkvariantar over heile landet. Vidare vil vi nytte nynorsk på all vår kulturmjølk. Dette vert nå likt i heile landet. I enkelte fylke vil endringa medføre mindre nynorsk enn tidlegare, men bruken av nynorsk vert samla sett om lag fordobla.

Noregs Mållag har bidratt med gode innspel i bruk av målform og det har har vore viktig for oss, seier Håland.


Kontaktperson: Olav Håland, tlf. 916 22 338

Om oss

TINE BA er morselskapet i konsernet TINE Gruppa. Vårt formål er å drive næringsmiddelvirksomhet på samvirkebasis. TINE er representert over hele landet med sine 16310 eiere, 5540 ansatte, 45 meierianlegg, 5 meieriterminaler og 6 produksjonsanlegg i annen virksomhet.

Abonner