• news.cision.com/
  • Vox/
  • Fleire representantar frå Nordfjord og Stryn har sentrale roller i kompetansekampanje

Fleire representantar frå Nordfjord og Stryn har sentrale roller i kompetansekampanje

Report this content

(Oslo, 13.01.2005) Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, startar 17.januar ein kampanje i Sogn og Fjordane for å motivere fleire bedrifter til å kartleggje og dokumentere kompetanse på arbeidsplassane.

Vox har valt ut ni representantar frå bedrifter i fylket som skal fortelje om erfaringane sine med kartlegging og dokumentasjon av kompetanse. Leif Røv, dagleg leiar av Ny Kunnskap i Nordfjordeid, er leiar for dette ambassadørteamet. Andre lokale representantar i ambassadørteamet er produksjonssjef Harald Holmøyvik og hovudtillitsvald Edvind Haugen ved Ekornes Møbler avd. Grodås og bunadstilverkar Janna Muller-Planting i Stryn. Systematisk kartlegging av faktisk kunnskap er ein viktig føresetnad for å styrkje omstillingsevna til både bedrifta og den einskilde tilsette. Vox har utvikla eit system med kartlegging av kompetanse. Den viktigaste bodskapen er: Du har meir enn du trur Du kan meir enn du trur. Arbeidet blir etter kampanjeperioden vidareført av selskapet Ny Kunnskap, som er eigd av fylkeskommunen og lokale næringsinteresser. Kampanjen er eit pilotprosjekt. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast i liknande kampanjar i andre delar av landet. I kampanjeperioden vil lokale næringshagar arrangere møte for bedrifter frå heile fylket. Desse næringshagane er samarbeidspartnarane våre: • Stryn næringshage • Sandane Næringshage • Nordfjordeid Næringshage • Flora Næringshage/ Sunnfjord 2020 • Sogn Næringshage • Bremanger Vekst Opning Kampanjen blir opna med eit arrangement i samarbeid med Flora Næringshage 17.januar kl. 1245. Adresse: Flora samfunnshus, Markegata 51. Yngve Hågensen, styreleiar i Vox, og fylkesordførar Nils R. Sandal vil halde innlegg. Alle kompetanseambassadørar og representantar frå næringshagane vil vere til stades og tilgjengeleg for pressa. Meir informasjon og kommentarar i samband med kampanjen: Leiar for ambassadørteamet Leif Røv, tlf. 91 69 76 97 leif.rov@sf-f.kommune.no Turid Kjølseth, direktør Vox, tlf. 23 38 13 10/93 43 93 62 turid.kjolseth@vox.no Meir om Vox på www.vox.no

Multimedia

Multimedia