Per Gulestøl frå Kalvåg sentral i kompetansekampanje

Report this content

(Oslo, 13.01.2005) Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, startar 17. januar ein kampanje i Sogn og Fjordane for å motivere fleire bedrifter til å kartleggje og dokumentere kompetanse på arbeidsplassane.

Per Gulestøl frå Kalvåg er kompetanseambassadør i denne kampanjen, og skal fortelje bedriftsleiarar over heile fylket om erfaringane sine med å få kartlagt kva han verkeleg kan. Han er ein av i alt ni personar frå ulike bedrifter i Sogn og Fjordane som er valde ut til ambassadørar. Meir om Per Gulestøl si historie finn du på www.vox.no Systematisk kartlegging av faktisk kunnskap er ein viktig føresetnad for å styrkje omstillingsevna til både bedrifter og den einskilde tilsette. Vox har utvikla eit system som enkelt kartlegg kompetanse. Den viktigaste bodskapen vår er: Du har meir enn du trur Du kan meir enn du trur. Pilotprosjekt Arbeidet blir etter kampanjeperioden vidareført av selskapet Ny Kunnskap, som er eigd av fylkeskommunen og lokale næringsinteresser. Kampanjen er eit pilotprosjekt. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast i liknande kampanjar i andre delar av landet. I kampanjeperioden vil lokale næringshagar arrangere møte for bedrifter frå heile fylket. Møta blir arrangerte av dei lokale samarbeidspartnarane våre: • Stryn næringshage • Sandane Næringshage • Nordfjordeid Næringshage • Flora Næringshage/ Sunnfjord 2020 • Sogn Næringshage • Bremanger Vekst. Opning Kampanjen blir opna med eit arrangement i samarbeid med Flora Næringshage 17.januar kl. 1245. Adresse: Flora samfunnshus, Markegata 51. Yngve Hågensen, styreleiar i Vox, og fylkesordførar Nils R. Sandal vil halde innlegg. Alle kompetanseambassadørane og representantar frå næringshagane vil også vere til stades og vere tilgjengelege for pressa. Meir informasjon og kommentarar i samband med kampanjen: Leiar for ambassadørteamet Leif Røv, tlf. 91 69 76 97 leif.rov@sf-f.kommune.no Direktør Turid Kjølseth, Vox, tlf. 23 38 13 10 / 93 43 93 62 turid.kjolseth@vox.no

Multimedia

Multimedia