Sogn og Fjordane-bedrift finalist til Vox-prisen i år

Report this content

(Oslo 19.09.05): Gilde Vest i Førde er blant sju bedrifter frå heile landet som konkurrerer om Vox-prisen 2005. Prisen vert gjeven til ei bedrift som satsar på læring på arbeidsplassen.

– Finalistane i år er valde ut blant 33 føreslåtte verksemder. Det er langt fleire kandidatar å velje mellom enn i tidlegare år. Priskandidatane held eit svært høgt nivå og kan alle vere førebilete for andre arbeidsplassar, seier direktør Turid Kjølseth i Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet. Dei andre nominerte er: Auranor Luftfordeling, ventilasjonsutstyr, Brandbu i Oppland Falkonbridge Nikkelverk, Kristiansand DDB Oslo, reklamebyrå, Oslo Linjegods, transport- og logistikktjenester, Oslo Bramiljø, vask og renseri, Eidskog i Hedmark Gaia Trafikk, kollektivtrafikk, Bergen Representantar for Vox vil besøkje finalisten i Førde 22. september. Vox-prisen vert delt ut 25. oktober i samband med den internasjonale veka for læring hos vaksne på Radisson SAS Plaza hotell i Oslo. Bakgrunn Vox-prisen vert delt ut til bedrifter som gjer læring til ein viktig del av det daglege arbeidet, og der læringa er nært knytt til verksemda i bedrifta. Målet er å stimulere til meir læring på arbeidsplassen for å auke kompetansen hos dei tilsette. Vox deler i år ut prisen for tredje gongen. Før har prisen gått til Langerud Sykehjem i Oslo og Jotun Dekor i Sandefjord. Juryen vert leidd av Yngve Hågensen, styreleiar i Vox, og består av partane i arbeidslivet. Kontaktpersonar Åge Hanssen, fagsjef i Vox, tlf. 23 38 13 55, 93 43 93 32 e-post: age.hanssen@vox.no Jan Sørlie, seniorrådgjevar i Vox, tlf. 23 38 13 54, 93 43 65 17 e-post: jan.sorlie@vox.no

Multimedia

Multimedia