Sogn og Fjordane pilotfylke for kunnskapskampanje

Report this content

(Oslo, 13.01.2005) Vox, nasjonalt senter for læring i arbeidslivet, startar 17. januar ein kampanje i Sogn og Fjordane for å få fleire bedrifter til å ta i bruk kompetanseattest. Kampanjen er eit samarbeid med fylkeskommunen, og varar til 14. februar.

Systematisk kartlegging av faktisk kunnskap er viktig for å styrkje omstillingsevna til bedrifter og den einskilde tilsette. Vox har utvikla eit system med kartlegging av kompetanse og bruk av kompetanseattest. Den viktigaste bodskapen vår er: Du har meir enn du trur. Du kan meir enn du trur. Pilotprosjekt Arbeidet blir etter kampanjeperioden vidareført av selskapet Ny Kunnskap, som er eigd av fylkeskommunen og lokale næringsinteresser. Kampanjen er eit pilotprosjekt. Erfaringane frå Sogn og Fjordane skal brukast i liknande kampanjar i andre delar av landet. Leiarar, tillitsvalde og tilsette frå mellom anna Ekornes Møbler avd. Grodås og Gilde i Førde vil i kampanjeperioden møte bedriftsleiarar frå heile fylket for å fortelje om erfaringane sine med kartlegging og dokumentasjon av kompetanse. I alt ni lokale aktørar vil vere ambassadørar for kompetansearbeid. Møta blir arrangert av dei lokale samarbeidspartnarane våre: • Stryn næringshage • Sandane Næringshage • Nordfjordeid Næringshage • Flora Næringshage / Sunnfjord 2020 • Sogn Næringshage • Bremanger Vekst. Opning Kampanjen blir opna med eit arrangement i samarbeid med Flora Næringshage 17.januar kl. 1245. Adresse: Flora samfunnshus, Markegata 51. Yngve Hågensen, styreleiar i Vox, og fylkesordførar Nils R. Sandal vil halde innlegg. Alle kompetanseambassadørane og representantar frå næringshagane vil vere til stades og tilgjengelege for pressa. Kontaktpersonar: Leif Røv, leiar for ambassadørteamet, tlf.91 69 76 97 leif.rov@sf-f.kommune.no Turid Kjølseth, direktør Vox, tlf. 23 38 13 10 / 93 43 93 62 turid.kjolseth@vox.no

Multimedia

Multimedia