Kronprinsen startar 50-årsfeiringa hos Aker Solutions på Stord
2. februar 2023 - Den Høgvyrde Kronprins Haakon kjem på offisielt besøk til Aker Solutions på Stord onsdag 8. februar, for å bli betre kjent med verksemda sitt arbeid med berekraft og omstilling til nye marknader. Besøket er ein del av programmet for å markera kronprinsparet sine 50-årsdagar.
I samband med at Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit fyller 50 år i 2023, skal Kronprinsparet gjennomføra fem besøk ulike stader i landet, med fokus på fem ulike tema. Første stopp er Aker Solutions sitt verft på Stord, kor tema vil vera verdiskaping, næringsliv og omstilling.
Aker Solutions er ein stor industriaktør, og verftet på Stord er landets største offshoreverft. Det er for tida stor aktivitet for Aker Solutions sine mange ingeniørar og fagarbeidarar på Stord, med prosjektverksemd innafor både olje og gass, karbonfangst- og lagring, elektrifisering, havvind og demontering og resirkulering av utrangerte offshoreinstallasjonar.
Framtidas industri
Gjennom meir enn 100 år har verftet på Stord vore ei hjørnesteinsverksemd i Sunnhordland, først som sildoljefabrikk, deretter skipsverft og dei siste 50 åra innan olje og gass. Når Kronprinsen 8. februar vitjar Aker Solutions på Stord, kjem han til ei livskraftig verksemd med over 1700 faste tilsette og om lag dobbelt så mange i arbeid på prosjekta inkludert underleverandørar og innleigt personell. No står Aker Solutions midt i ei ny omstilling, og har ambisjonar om å vera ein sterk bidragsyter inn mot ei meir fornybar og digitalisert industriframtid.
Under besøket 8. februar vil Kronprinsen mellom anna få innsyn i korleis Aker Solutions jobbar med fornybarprosjekt, berekraft og digitalisering, og få høve til å bli betre kjent både med tilsette i verksemda og nokre av dei pågåande prosjekta.
– Kronprinsen er kjend for sitt sterke engasjement for norsk næringsliv, berekraft og omstilling. For å handtera klimautfordringane, er det viktig at me lukkast både med å redusera utsleppa og sikra energitilgang, samstundes som at me greier å halda oppe verdiskaping og sysselsetting. Her spelar industrien er avgjerande rolle. Aker Solutions har tydelege mål for energiomstilling og utsleppsreduksjonar, og me ser fram til besøket og interessante samtalar med Kronprinsen rundt denne tematikken, seier konserndirektør Sturla Magnus.
– Me set stor pris på å at Kronprins Haakon har valt å vitja Aker Solutions på Stord. Sunnhordlandsregionen har over tid markert seg som eit kraftsentrum for industriell aktivitet, med ei rekkje prosjekt innafor både olje og gass og andre energiformer. Aker Solutions på Stord spelar i dag ei sentral rolle i overgangen til ei meir teknologisk og berekraftig industriframtid, seier verftsdirektør Arve Kleppe.
Ut på industriområdet
Kronprinsen kjem til Aker Solutions på Stord onsdag 8. februar kl. 09.30. Då byrjar besøksprogrammet ved resepsjonen til administrasjonsbygget på Bleikjehaugen, kor Kronprinsen vil bli tatt imot av styreleiar Leif-Arne Langøy i Aker Solutions, konserndirektør Sturla Magnus og verftsdirektør Arve Kleppe. Til stades vil også vera statsforvaltaren i Vestland, ordføraren i Stord og øvrige offisielle representantar.
Kronprinsen vil deretter iføre seg Aker Solutions sitt standard verneutstyr, som inkluderer flammehemmande kjeledress, hjelm med hakestropp, vernesko, vernebriller og hanskar. Turen vil så gå ned på verftsområdet, kor Kronprinsen vil få høve til å ta i augesyn den pågåande aktiviteten på verftet.
Undervegs vil det vera lagt inn stopp for å bli betre kjend med medarbeidarar i Aker Solutions, samtale om omstilling, berekraft og hjørnesteinsverksemda si rolle i lokalsamfunnet, og sjå nærare på det pågåande digitaliseringsarbeidet i verksemda.
Det offisielle programmet vert avslutta på Eldøyane om lag kl. 12.00, ved Aker Solutions sitt anlegg for demontering og resirkulering av utrangerte offshore-installasjonar.
Tilbake til Stord
Dette blir den tredje gong Kronprins Haakon vitjar verftet på Stord. Første gong var då han som 17-åring vitja verftet saman med Dronning Sonja under signingsferda, og andre gong i 23. august 2019, i samband med verftet sitt 100-årsjubileum i 2019.
Det har også vore ei rekkje andre kongelege besøk på verftet. 23. mai 1969 var Kronprinsesse Sonja og Kronprins Harald på vitjing, då Kronprinsesse Sonja var gudmor under dåpen av Hilmar Reksten sin turbintankar «Kong Haakon VII».
Kong Olav og Prinsesse Astrid var på verftet 27. juni 1958, i tilknyting til at Prinsesse Astrid var gudmor for redningskryssaren «Haakon VII».
7. juli 1948 kom Kong Haakon, Kronprinsesse Märtha, Prinsesse Ragnhild, Prinsesse Astrid og Prins Harald på besøk med berre to timars varsel, då dei var i nærleiken og ønskte å sjå nærare på sildoljefabrikken og skipsverftet.
Praktisk informasjon og pressekontakt
Media er velkomen til å ta del i det offisielle besøk, onsdag 8. februar kl. 09.30-12.00.
Søknad om akkreditering må sendast elektronisk til kommunikasjonsrådgjevar Simen Løvberg Sund i Det kongelige hoff på epost: simen.lovberg.sund@slottet.no innan 6. februar 2023 klokka 15.00.
Oppmøtestad er Aker Solutions på Stord sin resepsjon på Bleikjehaugen, adresse Verftsvegen 115.
Alle som skal vera med på besøksrunden inne på verftsområdet må iføra seg fullt vernetøy. Informasjon om skonummer og storleik på kjeledress (S, M, L, XL) må inkluderast i søknaden om akkreditering. For å betra programflyten, vert media oppmoda til å møta kl. 09.00 for å iføra seg vernetøy i forkant av Kronprinsen sin ankomst kl. 0930.
Etter avslutta besøk på Eldøyane, vil det bli sett opp transport tilbake til resepsjonen på Bleikjehaugen.
SLUTT
Mediekontakt:
Odd Naustdal, kommunikasjonssjef Topsides & Facilities, mob: +47 905 76 079, e-post: odd.naustdal@akersolutions.com
Aker Solutions leverer integrerte løsninger, produkter og tjenester til den globale energibransjen. Vi muliggjør lavkarbon olje- og gassproduksjon, og utvikler fornybare løsninger for å møte fremtidens energibehov. Ved å kombinere innovative digitale løsninger og forutsigbar prosjektgjennomføring, akselererer vi overgangen til en bærekraftig energiproduksjon. Aker Solutions har rundt 15 000 ansatte i mer enn 20 land.
Besøk akersolutions.com og følg oss på Facebook, Instagram, LinkedIn, Twitter og YouTube.
Denne pressemeldingen kan inneholde informasjon eller uttalelser om fremtiden og er underlagt vår disclaimer. Vennligst se https://akersolutions.com