Åge og Sambandet og Valkyrien Allstars går i fjøset

Report this content

Åge og Sambandet og Valkyrien Allstars tek ein Kate Melhua, og held rockekonsert i fjøset. Fredag 6. juni er det duka for Fjøsrock i Nordfjordeid i høve markering av opninga av ei ny samdrift innanfor mjølkeproduksjon. Det er konsernsjefen i TINE, Hanne Refsholt som vil foreta opninga.

Rock og kuraut
Eit 1750 kvadratmeter stort fellesfjøs vert gjort om til konsertlokale for 1200 publikummarar denne dagen. Alle dei 1200 billettane som vart lagt ut for sal er rivne bort. Men kva har ein rockekonsert til felles med fem trauste bønder? Ideen til galskapen var det faktisk bøndene sjølv som kom med. - Med Fjøsrock ønskjer vi i Hjalma Samdrift å markere at vi med etableringa av denne samdrifta, satsar på mjølkeproduksjon. Vi ønskjer at dette skal gje positive signal til omgivelsene når det gjeld mjølkeproduksjon på Vestlandet. Mjølkeproduksjon og grasproduksjon er mykje av grunnlaget for det vakre kulturlandskapet vi har her på Vestlandet, seier Sigurd Reksnes i Hjalma Samdrift.

Før den enorme bygningen blir fylt med kuraut og mjølkerobotar, er den svært godt eigna til konsertarrangementet Fjøsrock. Dette potensialet såg bøndene, men mangla kompetanse for å halde ein så stor konsert. Malakoff Rockfestival som er årleg arrangør av Malakoff Rockfestival i Nordfjordeid, var derfor ein naturleg samarbeidspartnar. – Malakoff Rockfestival vil vere med og synleggjere eit optimistisk landbruk som er på veg opp og fram, seier Anne-Joril Haugland i Malakoff Rockfestival.

Eksotisk kulturoppleving
Fjøsrock blir eit kulturarrangement utanom det vanlege. Lokalet må sjølvsagt endrast litt på under førebuingane til konsertarrangementet, men ein kjem aldri vekk i frå at det er i eit fjøs det heile skal foregå. – Vi vil forsøkje å understreke denne kjensla på ein så positiv måte som mogleg. Planen er at matserveringa skal ha ein tydeleg landbruksprofil der tradisjonskost vert kopla med produkt som skal framstillas gjennom produksjonen i fjøset. Publikum må altså finne seg til rette mellom båsar, gjødselrenner og drikkekar, seier Anne- Joril Haugland i Malakoff Rockfestival.

TINE - ein viktig støttespelar
- Mjølkeproduksjonen på Vestlandet er viktig for TINE, og vi har vore aktive i rådgjevinga til denne nyoppretta samdrifta. Blant anna har vi bidrege til etablering av samdriftsavtalen, driftsplan og teikning av bygningen. TINE har også vore ein støttespelar for opninga med Fjøsrock fordi vi meiner dette er ei svært positiv markering av mjølkeproduksjonen på Vestlandet, seier Hanne Refsholt, konsernsjef i TINE.

Ønskjer fleire unge inn i mjølkeproduksjonen
Norsk mjølkeproduksjon står ovanfor eit vegskilje. Det er mange som gir seg som mjølkeprodusentar, samstundes har industrien stadig behov for meir mjølk. – Dette er noko TINE både som industriorganisasjon og medlemsorganisasjon ønskjer å gjere noko med. Vi treng fleire unge inn i mjølkeproduksjonen og med dette arrangementet ønskjer vi å signalisere til dei unge att vi satsar på dei unge i landbruket, seier Refsholt.
_______________________________________________________________


Fakta Hjalma Samdrift:
Nystarta samdrift som er i drift frå hausten 2008. Samdrifta er eigd av 5 mjølkeprodusentar som årleg skal produsere 550 000 liter mjølk, og 22 000 kg kjøt. Samdrifta disponerer 800 dekar fulldyrka areal.

Fakta Malakoff Rockfestival:
Går av stabelen 25-26 juli i år og for 6. gang. Artistlista i år: The Grand, Miaow Miaow, Real Ones, Rumble in Rhodos, Bertine Zetlitz, The Fashion, That Special Monkeyhug, Je Suis Animal, Tripod, My Little Pony, Ziroki, Private Love, Svelekamaratane, 120 Days, Hellbillies, Raga Rockers, DumDum Boys, Battle of the Bands.

Festivalen blei stifta i 2003 av tre ungdomar mellom 16 og 18 år frå Eid. Festivalen har utvikla seg, og hadde sommaren 2007 ca 4500 besøkjande. Malakoff blei to år på rad kåra til Noreg beste festival av Norsk Rockforbund. Rockefestivalen er blitt ei merkevare i Eid, og har fått stor støtte i form av dugnadsarbeid frå lokalbefolkninga. Dei tre ungdommane har fått kommunen sin kulturpris, samt Lions sin nasjonale ungdomspris.