Kulturministeren opnar den 23. Førdefestivalen

Report this content

Kulturminister Anniken Huitfeldt har stadfesta at ho kjem til Førde i juli, og vil stå for den offisielle opninga av den 23. Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.
Dette skjer på opningskonserten Coexistence –Sameksistens, torsdag 5. juli kl 20.00 i Førdehuset, der eit 40-tals musikarar frå heile 14 land vert presentert.

 –Vi ser fram til å ta imot kulturminister Anniken Huitfeldt når ho vitjar Førdefestivalen for første gong, seier direktør Hilde Bjørkum. – Og vi gler oss til å presentere ein konsert med store internasjonale artistar og musikktradisjonar som har utvikla seg gjennom fredeleg sameksistens mellom folk og kulturar.

Mellom artistane Huitfeldt får høyre, er israelske Yasmin Levy, verdas fremste eksponent for  sefardisk musikk, og supergruppa The Other Europeans, der 13 av verdas mest kjende solistar frå klezmer- og sigøynartradisjonen spelar saman under leiing av Alan Bern.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ein av Norges knutepunktfestivalar og Skandinavias største festival for akustisk verdsmusikk.  Kvart år presenterer festivalen om lag 250 artistar frå heile verda. Programmet omfattar over 80 ulike festivalarrangement, og totalt besøkstal ligg på 25-30 000 kvart år. Festivalen vil bli dekka av nasjonal og internasjonal presse.  HKH Kronprinsesse Mette-Marit er festivalen sin høge beskyttar. 5.-8. juli 2012 blir festivalen arrangert for 23. gong.  Programinformasjon og andre opplysningar på fordefestival.no

Tags:

Multimedia

Multimedia

Dokumenter og linker

Quick facts

Førdefestivalen 5.-8. juli 2012 Tema: Coexistence - Sameksistens 4 dagar - 300 artistar - 33 land - 90 arrangement
Tweet dette