Men det var min bror...

Report this content

- En dag jeg gikk i fjellet såg jeg noe langt borte som jeg trodde var et dyr. Da jeg kom nærmere såg jeg at det var et menneske. Da jeg kom helt inntil såg jeg at det var min bror.  Med dette indianske ordtaket avslutta konfransier og musikar Ola Bremnes lørdagens gallaforestilling under Førdefestivalen. Slik kan også opplevingane på den 21. Førdefestivalen oppsummerast;  Musikulturar og menneske møtest. Dei som er så langt vekk blir så nær. Du oppdagar noko nytt som rører deg. I Førde har 250 artistar frå 25 land gitt fleire tusen menneske nye opplevingar (Førde 11.juli 2010).

Festivalen reknar med rundt 27000 programbesøk på dei 90 arrangementa som har vore på fire dagar. – Det er 3000 færre enn jubileumsåret 2009, men dette er likevel meir enn vi hadde budsjettert med, seier ein svært nøgd festivaldirektør Hilde Bjørkum. I 2009 hadde Førdefestivalen 20års jubileum og slo litt på stortromma med m.a. publikumsfriaren Frikar. I år er festivalen midt i fellesferien, trass i det er publikumsbesøket svært bra.

Programbesøk inkluderer alt publikum som var på utescener og gratiskonsertar – både dugnadsfolk, pressefolk og andre som har fripass til arrangementa, og må ikkje forvekslast med talet på selde billettar. Sidan siste konsert ikkje er før kl. 2130 søndag blir endeleg tal for billettsal klart først måndag.

Fela – verkty for djevelen
Førdefestivalens tema var i år Fridom og undertrykking, og ein hadde invitert artistar frå 25 land. Nokre av dei trassar sensur og undertrykking ved likevel å synge ut. - Musikk har gjennom historia vist at den har ei sterk kraft som både rører ved og kan endre folk, seier Bjørkum. Også her i Noreg har både felespelarar og samar fått høyre at deira musikk er eit verkty for djevelen, som samiske Lars-Ànte Kuhmunen var inne på under opningskonserten torsdag.

Lokal og kongeleg forankring
H.M. Dronning Sonja er festivalens høge beskyttar og var tilstades i to dagar. - Dronninga er populær, det  viser både den fullsette opningskonserten med nær 2000 gjester, og alle barn og vaksne som møtte henne med flagg og hurra-rop på utearrangementa. Bjørkum gledar seg også over at folk i Førde og bygdene rundt er eit godt vertskap for gjester frå fjern og nær. – Vi får mange kommentarar frå spesielt utanlandske gjester på at dei føler seg så velkomne, både på flyplass, butikkar og i møte med folk som bur her. Bjørkum framhevar at dette er enormt viktig for Førdefestivalens omdøme.

Publikum elska nyproduksjonane
Festivalen er ung, berre 21 år, men for både å halde på vårt trufaste publikum, og få nye til å komme, må vi fornye oss, seier festivaldirektøren. Vi har jobba for å få til ei kvalitetsheving på mange av produksjonane, og tilbakemeldingane er strålande. – Eg er både stolt og rørt over nye produksjonar og urpremierer, som samspelet til polske Kroke og norske Tindra, Ole Bull-forestillinga, urpremieren på barneframsyninga I Berget det blå og det årvisse talentprosjektet. 

Berre ein gong…
Mottoet til Førdefestivalen er opplevingar for livet. – Vi får mange historier frå besøkande som seier dei har hatt kulturopplevingar dei aldri vil gløyme. Ein av artistane fortalde meg at ei dame hadde kome bort til han og takka for at han hadde opna ei ny verd for henne. Då har vi gjort jobben vår, seier Bjørkum. I motsetnad til mange andre festivalar i Noreg har vi konsertar som du berre får oppleve ein gong, og det er i Førde.

Fleire nye venner
I forkant av festivalen blei konferansen Innovasjon og nytenking i kunst- og kulturformidling arrangert. Der var m.a. direktør for den norske opera og ballett, Tom Remlov. - Det gledar oss at han og andre sentrale folk i kulturnorge har oppdaga kor mykje Førdefestivalen har å by på.  Skal vi klare å begeistre både kultursjefar og eit kresent musikkpublikum må vi vere trufast mot vårt konsept – musikk frå heile verda og kulturmøter, og sette høge kvalitetskrav, både til musikarar og produksjonar. Og kvart år har vi som mål å bli endå litt betre enn fjor, seier Bjørkum, som alt har byrja å tenkje på kva folk skal få oppleve i veke 27 i 2011... (7. til 10.juli 2011)

Pressekontaktar:
-
Direktør Hilde Bjørkum, mobil 90 91 99 33
- Kommunikasjonssjef: Torill G. Faleide, mobil 90 73 85 27, torill.faleide@fordefestival.no
- Pressemedarbeidar: Anne Margrete Alværn, mobil 90 04 66 26, anne@fordefestival.no

Høyr musikken på:
http://www.myspace.com/fordefestival

Filmar og bileter finn du m.a. på
www.youtube.com/fordefestival
www.facebook.com/pages/Forde-Norway/Fordefestivalen/74584319980#
http://fordefestivalen.blogspot.com/Blogg:

Knut Utler, tlf. 48046681 er Førdefestivalens fotograf, media kan fritt kan bruke bileta. Ein del ligg på Facebook, seinare blir dei lagt ut på www.fordefestival.no

Førdefestivalen er ein av knutepunktfestivalane i Norge og den største festivalen i Skandinavia for akustisk folk/world/trad musikk. Kvart år presenterer festivalen artistar frå heile verda gjennom rundt 90 store og små konsertar og arrangement over fire dagar. Besøkstala på alle arrangement varierer frå 25 000-30.000.  Førdefestivalen blir alltid arrangert i veke 27. HM Dronning Sonja er festivalens høge beskyttar. Les og opplev meir på www.fordefestival.no

Tags: