Musikarpris til Sigrid Moldestad

Report this content

Sigrid Moldestad er tildelt “Musikarprisen 2011” frå Sparebanken Vest. Prisen er etablert i samarbeid med Førdefestivalen. Moldestad var konfransier på opningskonserten til den 22.Førdefestival , men visst ikkje at ho skulle få prisen.

Songaren og felespelaren Sigrid Moldestad har tidlegare vunne fleire høgthengande prisar, mellom anna to Spellemannsprisar, og ho blei i 2010 tildelt Folkelarmprisen som Årets folkemusiker. -Sigrid er ein usedvanleg musikar og komponist, og ein svært dyktig formidlar, seier Siren Sundland, kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Vest. Det var Sundland som overrekte Moldestad prisen. – Ei anna årsak til at Moldestad får prisen på 25.000 kroner er at ho minner oss om viktige historier som vi ikkje veit at vi har gløymt. Eg tenkjer spesielt på hennar innsats for å få vist fram det kvinnlege spelemenn representerer, seier Sundland.

Moldestad er frå Breim i Sogn og Fjordane og utdanna ved Ole Bull Akademiet.