ENKLARE TRYGGLEIKSKLARERING

Report this content

Regjeringa har i statsråd i dag lagt fram ei stortingsmelding som evaluerer strukturen til klareringsstyresmakta, St.meld. nr. 24 (2005-2006) Oppfølgjing av oppmodingsvedtak nr. 478 (2004-2005) - strukturen til klareringsstyresmakta.

Etter dagens ordning er det departementa og fylkesmennene som avgjer saker om tryggleiksklarering. Departementa har etter tryggleiksloven eit snevert høve til å delegere desse sakene til underlagte verksemder som har eit stort klareringsbehov. Det eksisterer i dag 58 klareringsstyresmakter i forvaltninga. Meldinga drøfter fire alternativ til ny struktur som reduserer talet på klareringsstyresmakter: • Justert vidareføring av dagens ordning • Samling av klareringsorgan i sivil sektor til utvalde departement • To klareringsstyresmakter, ei i sivil og ei i militær sektor • Ei klareringsmyndigheit Regjeringa foreslår ei justert vidareføring av dagens ordning. Dette inneber at ein samlar klareringsstyresmakta til fylkesmennene til to utvalde fylkesmenn, fylkesmannen i Oslo og Akershus og fylkesmannen i Rogaland. I tillegg bør departementa foreta ein gjennomgang av eiga delegeringspraksis. Denne innskrenkinga i talet på klareringsstyresmakter vil føre til betre kvalitet i saksbehandlinga, både med omsyn til dei tryggleiksmessige vurderingar som skal gjerast av klareringsstyresmakta og med omsyn til rettstryggleiken for den enkelte.