Fleire sunne valmoglegheiter med Nøkkelhullet
Stadig fleire sunne produkt har dukka opp i butikkhyllene sidan Nøkkelhullet vart innført som felles nordisk sunnheitsmerke på mat i juni i år. Ei rekkje matvarer som oppfyller kriteria har allereie fått merket, og ein ser også klare tendensar til ei positiv produktutvikling.
Fleire produsentar har tilpassa næringsinnhaldet i sine produkt, slik at dei kjem inn under dei nye kriteria, og får smykke seg med det grøne nøkkelhullsmerket. - Dette er vi veldig glade for. Fleire sunne produkt med mindre salt, sukker og feitt og meir fiber, gjer det enklare for forbrukar å velje sunt. Vi ser at stadig fleire produkt får det grøne merket, og vonar det vil kome langt fleire framover, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet. Enkelt å velje sunnare - Det kan vere vanskeleg å skilje mellom sunne og mindre sunne matvarer. Når vi handlar, har vi ikkje alltid tid til å lese næringsdeklarasjonen, og dersom vi gjer det, er det ikkje alltid lett å forstå kva opplysningane betyr. Vi vonar Nøkkelhullet kan vere til god hjelp i ein travel handlesituasjon, held Klepp fram. Det er gjort grundige forbrukarundersøkingar som viser at folk ynskjer betre og enklare merking av mat. Symbolmerket blir forstått uavhengig av språkbakgrunn og kunnskap om ernæring. Sverige har hatt Nøkkelhullet i 20 år. Der kan forbrukarane velje mellom kring 2000 nøkkelhullsprodukt. Tal frå kjedar og produsentar viser at vi i Noreg er oppe i kring 1000 ulike produkt med Nøkkelhullet. - Vi reknar med tilsvarande positive utvikling i Noreg, seier Klepp. Vil sikre at merket vert brukt riktig - Mattilsynet legg vekt på eit godt samarbeid med bransjeaktørane, men vil drive vanlig tilsyn i form av inspeksjonar og revisjonar, seier seksjonsleiar Atle Wold i Mattilsynet. Informasjonskampanje for auka kjennskap Helsedirektoratet og Mattilsynet står saman bak ei informasjonskampanje for å auke kjennskapen til nøkkelhullsmerket. Gjennom annonsering på tv og i vekeblad og aviser, vonar helsestyresmaktene at endå fleire skal få kjennskap til merket. Tal frå desember i fjor viser at kring 20 prosent kjenner til merket allereie. Kampanjen startar torsdag 27. august. Les meir om Nøkkelhullet på www.nokkelhullsmerket.no Dette er Nøkkelhullet Nøkkelhullet er myndigheitene si merkeordning for sunnare matvarer Nøkkelhullsmerket vert plassert på matvarer med mindre feitt, salt og sukker, og ei viss mengde kostfiber. Det er minimumskrav til fullkorn på brød og kornprodukt. Berre matvarer som inngår i et sunt og variert kosthald, kan få Nøkkelhullet. Produkt med Nøkkelhullet er eit sunnare alternativ samanlikna med andre produkt av same type. Kriteria for innhald av feitt og metta feitt, sukker, salt og kostfiber er basert på felles nordiske ernæringsanbefalingar og er avstemt med bransjen. Nøkkelhullsordninga gjeld for ferdigpakka matvarer samt fisk, frukt, bær, grønsaker og poteter som ikkje er ferdigpakka. Merket krev ingen bakgrunnskunnskap om ernæring og gjer sunnare matvarer lettare tilgjengelig for hele befolkninga. Ferdigpakka Nøkkelhullsprodukt skal ha næringsdeklarasjon.