Korleis oppmuntre born og unge til fysisk aktivitet?
Korleis oppmuntre born og unge til fysisk aktivitet? Alle born kan oppleve gleda ved å være fysisk aktive dersom foreldre og samfunnet for øvrig legg til rette for det.
Eit nytt temahefte for foreldre frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Helsedirektoratet gir gode råd og tips om korleis ein kan stimulere born til å vere meir fysisk aktive. Å legge til rette for gode opplevingar kring aktivitet i barndomen er viktig, men kan opplevast som ei utfordring i eit stadig meir passivt samfunn. - Tilrettelegging for aktivitet er eit samfunnsansvar der fleire sektorar må vere med og styre utviklinga i rett retning, seier divisjonsdirektør Knut-Inge Klepp i Helsedirektoratet. Han understrekar at det må leggast til rette for sykkel- og gangvegar, samt gode leikeområde og grøntareal slik at det vert attraktivt å vere ute. Sett grenser for PC-tid Tal frå HEVAS (Helsevaner blant skoleungdom) viser at norske ungdomar er på verdstoppen i bruk av tid framfor ein data- eller tv-skjerm. Norske tenåringsgutar sit 44 timar i veka framfor skjermen etter skuletid. Samstundes ser ein at berre 50 prosent av 15 år gamle jenter og gutar er aktive i tråd med tilrådinga om minst 1 time dagleg aktivitet. - Det er viktig at foreldre snakkar med borna og vurderer kor mykje tid det er greitt å bruke på tv og pc. Foreldre har ei nøkkelrolle og kan påverke aktivitetsvanane både på kort og lang sikt, seier avdelingsdirektør Marit Gjærum i Bufdir. Undersøkingar viser at born av aktive foreldre vert aktive som vaksne. Det er mykje foreldre kan gjere for å påverke barns utvikling, og tips om dette finnst i temaheftet. . Betre prestasjonar med fysisk aktivitet Foreldra har ei nøkkelrolle for borna si utvikling - og skulen spelar ei viktig rolle. ¬¬¬¬¬¬¬¬¬¬¬¬¬¬- Ved å bruke meir tid på fysisk aktivitet i skulen vil mange oppleve betre konsentrasjon, betre miljø og betre faglege prestasjonar, seier avdelingsdirektør Marit Gjærum i Bufdir. Fysisk aktivitet er også svært positivt for born og unge si sjølvkjensle, tru på eiga meistring og forhold til eigen kropp. Tilrettelegging av skulane sitt uteareal og ein time fysisk aktivitet i skulen kvar dag, er gode eksempel på aktivitetsfremmande tiltak. Last ned temaheftet Barn og fysisk aktivitet her: http://www.bufetat.no/?module=Articles;action=ArticleFolder.publicOpenFolder;ID=1853 Råd til foreldre: • Sørg for at bornet får vere i mest mogleg naturleg rørsle i spedbornsalderen: Lat bornet få utforske omgjevnadane gjennom å krype og krabbe på golvet på ulike typar underlag, gjerne også ute. • Ver sjølv fysisk aktiv saman med bornet: Leik saman med bornet. Inspirer til rørsleleik og utprøving av ulike former for løp, hopp, hink, rulle-, kaste- og fangeleikar og liknande. • Lat småskulebornet få moglegheiter til å vere i allsidig aktivitet: Organiser leik og delta i aktivitetar saman med borna. • Lat borna vere ute i fysisk aktiv leik saman med vener: Å vere ute er den beste garantien for at borna er i fysisk aktivitet. • Ta med borna på tur og inviter gjerne med vener: Det er meir motiverande for born å ha med vener på tur enn berre å vere saman med vaksne. • Gå tur på borna sine premissar: Ta dykk tid til å utforske det de ser undervegs. Turen må ikkje vere lang, men ver innstilt på mange stopp og episodar som tek tid. Ta med mat og drikke og hygg dykk saman. • Motiver til deltaking i organisert aktivitet: Følg opp og ver ein støttespelar; vis interesse for borna sine aktivitetar. • La ungdom prøve utradisjonelle aktivitetar saman med vener: f.eks. cross-sykling, rullebrett, snøbrett, klatring. • Ver merksam på tilrådinga om at born og unge bør vere i fysisk aktivitet i minst éin time kvar dag med moderat til høg aktivitet: Dette vil vere førebyggjande for livsstilssjukdommar seinare i livet og fremme god helse og trivsel. • Ver bevisst på barnehagen og skulen sitt ansvar for å legge til rette for fysisk aktivitet kvar dag: Vis interesse og ver ein pådrivar gjennom foreldreutvalet.