Matpakkeveka er i gang
Matpakkeveka er i gang I dag går startskotet for den årlege Matpakkeveka i grunnskulen. For 13. gong har Sosial- og helsedirektoratet invitert skulane i landet til å setje måltid og aktivitet på kartet. Meir enn 900 skular frå heile landet har så langt vist interesse for Matpakkeveka og bestilt materiellet. Flem skule i Møre og Romsdal var blant fjorårets vinnarar. Dei har i år "tjuvstarta", og arrangerte Matpakkeveka i veke 38. Deira opplevingar kan ein lesa om på www.matpakkeuka.no. Matpakkeveka - varer meir enn ei veke Aksjonsperioden er i år frå veke 39 til 45. Skulane vel sjølve når dei vil arrangere Matpakkeveka innanfor denne perioden. -På sikt er målet at måltid og aktivitet har ein naturleg plass i skulekvardagen heile året, seier avdelingsdirektør Arnhild Haga Rimestad i Sosial- og helsedirektoratet. Dette vil ikkje berre gagne helsa, men også føre til betre læringsmiljø, held Rimestad fram. Konkurranse -Det vil vere mogleg for skulane å sende inn poengskjema fram til 5. november. I kvart fylke trekkjer me ut ei klasse på ungdomstrinnet og ei klasse på barnetrinnet som får 2000 kroner kvar i premie, seier Rimestad. Vinnarane må ha oppnådd maksimalt med poeng ved å oppfylle dei anbefalte retningslinjene for skulemåltidet og ha gjennomført tiltak med skulemat og aktivitet som tema. Føreslegne aktivitetar er skulefrokost, foreldremøte med skulemåltid som tema, tur med matlaging ute, "vassdag" med meir. Frukt og grønt og vatn som tørstedrikk Eit kosthald rikt på frukt og grønt reduserer risikoen for kreft, hjartekarsjukdom, overvekt og fedme. Grunnlaget for gode vanar vert lagt tidleg. Difor er det viktig å satse ekstra sterkt på born og unge. Skuleelevar et meir frukt og grønt dersom det er tilgjengeleg på skulen. I Matpakkeveka er skulane oppmoda til å prøve ut ulike frukt- og grøntordningar. I Matpakkeveka fokuserer ein også på vatn som tørstedrikk. Saft, brus og andre søte drikkevarer høyrer ikkje heime i skulen sitt daglege tilbod til elevane. Skulane har fått tips og idear til korleis dei kan arbeide med å få skuleelevane til å velje vatn. Blant anna er dei lokale vassverka oppmoda om å gå ut med informasjon til skulane om drikkevassforsyninga. Bestillingsoversikt På www.matpakkuka.no ligg ei liste over skular som har bestilt Matpakkemateriellet. Fylkesvis oversikt over talet på skular som har bestilt materiell medio september: Akershus 86 Aust-Agder 19 Buskerud 55 Finnmark 31 Hedmark 45 Hordaland 106 Møre og Romsdal 78 Nordland 85 Nord-Trøndelag 45 Oppland 37 Oslo 42 Rogaland 57 Sogn og Fjordane 40 Sør-Trøndelag 46 Telemark 53 Troms 37 Vest-Agder 37 Vestfold 36 Østfold 44 For meir informasjon www.matpakkeuka.no Kontaktperson: Trond Borge Ottersen 958 40 758 ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no