Nasjonal beredskapskonferanse for helse- og sosialsektoren

Report this content

Mange norske kommunar manglar gode beredskapsplanar. No samlast ei rekke av dei dyktigaste fagfolka på krisehandtering til den store Helseberedskapskonferansen i Trondheim.

Onsdag 3. og torsdag 4. september står mellom anna ”kvalitet, samarbeid og koordinering”, ”krisehandtering og erfaringslæring” og ”samarbeid på tvers” på timeplanen på Britannia Hotel i Trondheim. Målgruppa er lokale leiarar, dei som tek viktige avgjerder, saksbehandlarar og alle andre som arbeidar med beredskap innan helse- og sosialsektoren.

”Skaff deg oversikt”
Dei siste åra har norske lokalsamfunn blitt råka av ei rekke natur- og menneskeskapte hendingar som har utløyst alarmberedskap. Men det er slett ikkje alltid at kommuneleiinga takkar ja til tilbodet om hjelp frå sentrale helsestyresmakter og andre offentlege instansar.

– Mi oppfordring til norske kommunar er å skaffe seg oversikt over kva farar som fins i kommunen. Dessverre er det ikkje mange kommunar som har denne oversikta, seier foredragshaldar og geolog Lars Harald Blikra hos Norges geologiske undersøkelse (NGU).

Blikra har vore sentral i arbeidet under og etter steinraset i Fjelltunvegen i Ålesund i vår. I tillegg er han leigd inn som ekspert av Stranda kommune på Sunnmøre. Her ventar ordførar Frank Sve og sambygdingane på eit stort steinras som venteleg gjev store øydeleggingar.

Stor nasjonal øving
Ved hjelp av svært avanserte varslingssystem, detaljerte beredskapsplanar og årlege, nasjonale øvingar meiner Sve – som og blir å høyre på konferansen – at dei står godt rusta til å takle det som ventar dei. Kommuneleiinga spelar på lag med lokale hjelpemannskap, nasjonal innsatsstyrkar og ikkje minst helsetenesta.

– Siste veka i oktober skal vi til med ei stor, nasjonal øving. Då skal ei heil bygd evakuerast, inkludert skular, barnehage, sjukeheim og liknande. Folk i bygdene våre set faktisk pris på at vi gjer dette, dei ser at vi faktisk meiner alvor med beredskapsarbeidet vårt, understrekar Sve, som meiner kommunen sin strategi både gjer innbyggjarane tryggare og kommunen betre rusta på andre scenario.

Lang rekke fagfolk
Blant dei mange andre kapasitetane på talelista finn ein viseadmiral Jan Reksten (sjef for Fellesoperativt Hovudkvarter i Forsvaret), departementsråd Anne Kari Hasle Lande frå Helse- og omsorgsdepartementet og helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.

– Erfaringane våre frå eksplosjonen i Gulen i Sogn, storbrannen i Froland i Aust-Agder og andre katastrofar har vist oss kor viktig det er at vi brukar all tilgjengeleg kompetanse – og når lokalmiljøet blir stilt på vanskelege prøver. Helsedirektoratet vil vurdere endringar i lovverket for å sikre at det skjer på ein smidig måte, understrekar Bjørn-Inge Larsen. Helsedirektoratet arbeider og med å ferdigstille ein rettleiar for helsemessig og sosial beredskap som eit ledd i å betre kvaliteten på beredskaparbeidet i kommunane.

Beredskapskonferansen vert arrangert av Helsedirektoratet i samarbeid med Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Helse Midt-Noreg RHF.