Nordmenn ynskjer å bli meir aktive

Report this content

Ei ny kartlegging frå Helsedirektoratet viser at 76 prosent av inaktive nordmenn ynskjer å bli aktive. Fleire trenar, men mykje tyder på at den generelle kvardagsaktiviteten går ned.

- Vi ser at det er eit stort potensial for å auke aktiviteten i befolkninga. Med ei aldrande befolkning og auke i livsstilssjukdomar er fysisk aktivitet god medisin både for samfunnet og den enkelte, seier helsedirektør Bjørn-Inge Larsen. Ynskjer lågare terskel Det kjem fram at det er ulike tersklar som hindrar aktivitet. Over halvparten av dei spurte framhevar at kort reisetid frå heimen til staden aktiviteten skal forgå er det viktigaste. Fire av ti ynskjer ikkje å være bundne til faste treningsdagar, og like mange framhever at det må vere låg terskel for deltaking. Dette inneber mellom anna at tilbodet må vere lagt til rette også for dei som ikkje er veldig spreke, og vere tilpassa den einskilde sin fysikk. - Dette er eit viktig signal, og understrekar behovet vi har sett for gode lågterskeltilbod der folk er, seier helsedirektøren. Behov for betre tilbod i kommunane Mange kommunar tilbyr allereie hjelp til å endre levevanar. På såkalla frisklivssentralar og fysiotek, gir helsepersonell og idrettspedagogar kyndig rettleiing til å legge om kosten, stumpe røyken og bli meir fysisk aktive. Motivasjon er et sentralt stikkord. - Gode råd frå fastlegen er viktig, men ikkje nok. Lokale tilbod som kan hjelpe folk til å få betre levevanar må etablerast i alle kommunar. Samhandlingsreforma kan bidra til å legge betre til rette for dette, og få fokuset over frå reparering til forbygging. Øyremerking av midlar til førebyggande aktivitetar i kommunane vil være eit viktig element i reforma, held Larsen fram. Meir aktivitet i arbeidslivet - Vi tilbringer mykje tid på jobben, og det er det er eit stort potensial for å få fysisk aktivitet på plakaten på norske arbeidsplassar, seier generalsekretær Atle Hunstad i Norges Bedriftsidrettsforbund. - Vi har ei brei kontaktflate i både idretten og arbeidslivet. Slik kan vi skreddarsy aktivitetsløysingar til den enkelte bedrift. Aktivitet i samband med arbeidstid og –stad, gjer dørstokkmila litt kortare samstundes som kollegene treffast på andre arenaer. Vi ynskjer å leggje til rette slik at alle kan være aktive, uansett form og fasong. seier Hunstad. Manglar kunnskap om aktivitet som medisin Mange veit at fysisk aktivitet er effektivt i førebygging og behandling av høgt blodtrykk og diabetes. Færre er klar over at fysisk aktivitet er effektivt både i førebygging og behandling av fleire kreftformer hjå både kvinner og menn. Dersom ein nyttar kroppen sin i arbeid eller på fritida, minskar ein risikoen for å få kreft. - Fysisk aktivitet er førebyggande for fleire kreftformer. I tillegg gjer god fysisk form at ein står betre rusta til å gå gjennom behandling dersom ein skulle verte ramma av kreft og ein kjem seg raskare etter endt behandling. Dette er det ikkje så mange som er klar over, seier Anne Lise Ryel, generalsekretær i Kreftforeningen. Stor tillit til helsepersonell Rapporten viser at seks av ti meiner fastlegen, fysioterapeuten og anna helsepersonell er ei påliteleg kjelde til informasjon om fysisk aktivitet. Derfor er det viktig at helsepersonell har god kunnskap om temaet. - Det er viktig at dei som ikkje er fysisk aktive og har ulike helseproblem, blir tekne på alvor og får kvalifiserte råd i møte med helstenesten. Vi ynskjer å auke kunnskapen hjå helsepersonell om effekten av fysisk aktivitet i førebygging og behandling. Dette vonar vi Aktivitetshåndboka som alle fastlegar mottok tidlegare i år kan bidra til, seier Larsen. Last ned rapporten på www.helsedirektoratet.no Kontaktperson: Bente H. Steinnes