Rettleiing om avverjingsplikt i lov om forbod mot kjønnslemlesting til høyring
Rettleiing om avverjingsplikt i lov om forbod mot kjønnslemlesting til høyring Sosial- og helsedirektoratet har sendt ut forslag til rettleiing om avverjingsplikt i lov om forbod mot kjønnslemlesting til høyring. Ot.prp.nr.21(2003-2004) om endringar i lov om forbod mot kjønnslemlesting vart vedteke i Stortinget i mars 2004. Den nye lovføresegna om avverjingsplikt (§ 2) gjeld for yrkesutøvarar og tilsette i barnehagar, barnevernet, helse- og sosialteneste, skoler, skolefritidsordningar og trossamfunn. Lovføresegna skal tre i kraft frå 1.september 2004. Departementet har gitt Sosial- og helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide rettleiingsmateriell som skal klargjere korleis den enkelte yrkesutøvar kan handle for å oppfylle avverjingsplikta. Sosial- og helsedirektoratet har sendt ut forslag til rettleiing på høyring med frist 6. august. Lenke til høyringsnotatet finn ein på www.shdir.no ------------------------------------------------------------ Informasjonen er sendt gjennom Waymaker http://www.waymaker.no