NorSun AS får 30 millionar i omstillingsmidlar

Report this content


NorSun AS får 30 millionar i omstillingsmidlar

Styret i Innovasjon Norge har i dag vedteke å løyve 30 millionar kroner i omstillingsmidlar til solenergiselskapet NorSun AS for etablering av ein fabrikk i Årdal med produksjon av monokrystallinske silisiumskiver for solceller.

Monokrystallinske silisiumskiver er lagd av rein silisium og blir brukt til å lage energieffektive solceller. Silisiumskivene skal seljast til aktørar i den internasjonale solenergimarknaden for vidareforedling til solceller og solcellepanel.

NorSun AS skal gjennomføre betydelege investeringar i Årdal i det som skal bli ein av verdas største fabrikkar for monokrystallinske silisiumskiver. Produksjonsstart er planlagt til tidleg i 2008. Tilskot frå Innovasjon Norge inngår som ein viktig del av ein samla finansieringspakke som sikrar etablering av i første omgang 100 arbeidsplassar i Årdal.


Ytterlig opplysning:
Direktør Halvor Flatland
Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
Tlf: 57 65 19 40 - 957 81 493
halvor.flatland@innovasjonnorge.no
------------------------------------------------------------
Informasjonen er sendt gjennom Observer http://www.waymaker.no