Nektar å gje opp kampen for arbeidsgjevaravgifta

Report this content

Nektar å gje opp kampen for arbeidsgjevaravgifta - I tida framover må me arbeide for å sikre at kompensasjonsmidlar blir ført attende til distrikta slik Stortinget har bede Regjeringa om. Kompensasjon for den differensierte arbeidsgjevaravgift kjem ikkje av seg sjølv, seier Dag Henrik Sandbakken, nyvald leiar i kommunenetteverket i Sør-Noreg. Kommunenettverket for dei såkalla DA-kommunane, kommunar som er råka av auka arbeidsgjevaravgift, var samla 24. mars for å oppsummere situasjonen etter at den gamle ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift blei avvikla ved årsskiftet. Statssekretær Anders Eira orienterte om dei ulike kompensasjonsordningane og Regjeringa sitt arbeid, og Arbeidarpartiets fraksjonsleiar i kommunalkomiteen, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, gjekk gjennom Stortingets konklusjonar i denne saka. Greidd å påverke Kommunenettverket som blei skipa i fjor sommar, greidde på mange sentrale område å påverke arbeidet med kompensasjonsordningane. - Innspel frå kommunenettverket har vore særs viktige for Stortinget. Nettverket sitt grundige arbeid har vi hatt stor nytte av, sa stortingsrepresentant Schjøtt-Pedersen. Statssekretær Eira understreka også at det verdfulle i innspela frå nettverket. Utsendingane frå kommunane gjekk inn for at kommunenettverket skulle halde i to år til. Børre Rønningen frå Vinje blei vald som nestleiar og Hans Kristain Lehmann held fram som sekretariatsleiar. På samlinga møtte det utsendingar frå Hedmark, Oppland, Sør-Trøndelag, Buskerud, Telemark, Aust-Agder og Hordaland. I vår vil kommunenettverket kontakte det utvalet som skal sjå på alternative ordningar som kan nyttast innanfor EØS-avtala og ESAs retningsliner for offentleg støtte. Dette utvalet, som er leia av professor Per Christiansen, skal leggje fram si innstilling i juni. - Vi må fylgje opp i alle samanhengar, derfor er det viktig å ha kontakt med dette utvalet, seier Sandbakken. Nettverket skal arbeide for at omfanget av dei distriktspolitiske verkemidla i Noreg ikkje blir svekka. Og nettverket skal syte for utveksling av erfaringar kommunane i mellom når det gjeld bruken av kompensasjonsmidlar til næringslivet. ------------------------------------------------------------ Ytterligere informasjon kan hentes på følgende hjemmeside: http://www.waymaker.no