LERUM JULEBRUS REDDA AV FORBRUKERMAKT

Report this content


Pressemelding. 27.11.2006

LERUM JULEBRUS
REDDA AV FORBRUKERMAKT

Dei jublar i dag, Lene Fløysand og dei fleire tusen som støtta hennar Folkeaksjon for Lerum julebrus. I dag starta produksjonen av 80 000 flaskar Lerum julebrus.

Julebrus-Lene var ein sjølvsagt gjest hjå Lerum i dag då årets første julebrus vert produsert. På flyplassen i Sogndal vart ho henta av ein glad Lerumsjef med nisselue.

Forbrukarmakt
-I Lerum har me har aldri opplevd lignande. Over 3600 menneskjer sende si støtte til Folkeaksjonen. Fleire hundre har sendt epost, og personlig har eg fått ein sms-storm utan like, seiar Jan Petter Vadheim, administrerande direktør i Lerum. Han meinar aksjonen er eit solid døme på sterk forbrukarmakt i Noreg.
-Forbrukarane har sagt klart i frå kva dei vil ha, og i Lerum har me ein forpliktelse til å produsera når marknaden er så tydeleg. Me er i dag glad for å kunne fortelje at Lene Fløisand og aksjonistane har sikra produksjon av Lerum julebrus, seiar Jan Petter Vadheim.

Får ein palle julebrus
Lerum er eit av landets sterkaste varemerker, men ingen i selskapet trudde at julebrusen var ein så viktig del av folks juletradisjon, på linje med pinnekjøtt og ribbe.
-Me produserer no 80 000 flaskar julebrus, etter god gamal oppskrift. I god tid før julaften skal me få julebrusen ut i butikkane, lovar Jan Petter Vadheim.
Julebrus-Lene frå Bergen meinar dette er ein heilt spesiell dag.
-Lerum julebrus er sjølve symbolet på barndommens jul. Eg gler meg over at juletradisjonen er sikra, seiar den unge jusstudenten.
No får ho ein heil palle Lerum julebrus som takk for innsatsen.

For utfyllende kommentarer, kontakt

Jan Petter Vadheim, adm.dir Lerum, mobil 91 14 62 67
------------------------------------------------------------
Informasjonen er sendt gjennom Observer http://www.waymaker.no
Nedenstående filer kan lastes ned:
http://wpy.waymaker.net/client/waymaker1/ImageArchive/Image.aspx?image_id=18447&lang=NO Lene Fløisand - (julebrusredder) Jan Petter Vadheim (adm dir Lerum)
http://wpy.waymaker.net/client/waymaker1/ImageArchive/Image.aspx?image_id=18448&lang=NO Lene Fløisand - (julebrusredder) Jan Petter Vadheim (adm. Dir Lerum) Trine Lerum Hjellhaug

Multimedia

Multimedia