Nynorsk næringslivpris til Lerum AS

Report this content

- Det er ei stor æra å bli tildelt næringslivsprisen frå Noregs Mållag.
Me meiner nynorsken byggjer tiltru og identitet til merkenamn og produkta våre, seier Jan Petter Vadheim, administrerande direktør i Lerum AS.


Nynorsk næringslivpris vart første gong delt ut i føremiddag i Bergen. ”Lerum AS er eit nynorsk industrieventyr. Prisvinnaren får nynorsken ut til heile landet”, seier juryen i si grunngjeving.

Stolt av språket
-I fire generasjonar har nynorsk vore språket vårt, og i Lerum-familien held me fast på tradisjonane. For oss ville det vore unaturleg å skrive bokmål. Nynorsk bidreg også til at me skil oss ut frå andre på marknaden, seier Gro Lerum Bondevik og legg til:
-Me er stolte av språket vårt, og har aldri fått negative tilbakemeldingar på at me nyttar nynorsk i all kommunikasjon.

”Eit førebilete”
Berit Rekve, juryleiar og styremedlem i Noregs Mållag, framhevar at Lerum er eit førebilete.
-Det er ei glede for Noregs Mållag å gi prisen til ei verksemd, som nyttar nynorsk i kommunikasjon med marknaden. Lerum er eit godt førebilete for andre verksemder som ynskjer å ta i bruk nynorsk i marknadsføring, kundekommunikasjon og bransjerelasjonar, seier Berit Rekve.

Kåre Lerum takka Noregs Mållag for næringslivprisen, og understrekar:
-Kundane, uansett kvar dei bur i landet, meiner at nynorsk er heilt naturleg for ei verksemd i distrikts-Noreg, og framhevar språket som eit døme på at Lerum er ekte vare.


For meir informasjon og kommentarer – kontakt

Jan Petter Vadheim, adm.dir, mobil 91 14 62 67
Gro Lerum Bondevik, 4. generasjon Lerum, mobil 91 77 74 97




Fakta om Lerum AS
Gjennom 4 generasjonar, sidan 1907, har Lerum produsert varer til norske hushaldningar. I dag er Lerum ein landsdekkande leverandør av saft, syltetøy, juice, og brus - både gjennom daglegvarebutikkar og storhushaldning.

Multimedia

Multimedia