Mattilsynet moderniserar forvaltninga

Report this content


Utkast Internettnotis isbm MATS delleveranse 1


Mattilsynet moderniserar forvaltninga

Frå i dag, 5. juni, vil handteringa av alle attestar for eksport av sjømat og import av plantar skje elektronisk. Dette er det første synlege resultatet av innføringa av MATS - det nye tilsynssystemet til Mattilsynet. – Det nye systemet skal både gjøre kvardagen enklare for verksemdene og effektivisere Mattilsynet sitt arbeid, seier Kristina Landsverk, avdelingsdirektør i Mattilsynet.

Til no har det vore mykje manuelt arbeid knytt til desse attestane, både frå verksemdene og frå Mattilsynet si side. No blir det slutt på bruk av faks og kopimaskin og overgang til PC, internett og skanning. Det er også mange ulike regime og prosedyrar for dei ulike landa som har vore vanskelig å ha oversikt over. MATS vil gjere dette enklare.

Samstundes med innføringa av elektronisk handtering av attestar for eksport av sjømat, er det utarbeidd nye attestformularar for denne eksporten. Dei nye attestane er sikra mot forfalskingar med ei rekke tiltak.

- Innføringa av denne første delen av MATS er eit viktig steg for oss i arbeidet med å modernisere Mattilsynet, og vi er spente på korleis systemet blir motteke hos verksemdene, seier Landsverk. – Vi må nok rekne med at ein del i starten vil vere usikker på korleis dei skal bruke systemet. Derfor har vi laga eit opplegg der verksemdene kan få hjelp den første tida.

MATS er integrert med Altinn. – Det er viktig at offentlige etatar samordnar seg slik at verksemdene får færrast moglige offentlige system å måtte bruke. Det har derfor vore ein premiss for oss å bruke Altinn, understrekar Landsverk.

Dersom handteringa av eksport- og importattestar går i stå kan dette få store økonomiske konsekvensar for verksemdene. Derfor er det etablert eit manuelt reservesystem som vil bli brukt dersom det skulle oppstå tekniske problem med det nye systemet.

Innføringa av det nye systemet vil sikkert avdekke behov for fleire forenklingar. MATS vil også etter kvart bli utvida til å gjelde for alle tilsynsområda til Mattilsynet og er berekna ferdig i 2009. - MATS blir utvikla i samarbeid med bransjane for å få til eit system som er mest moglig effektivt både for verksemdene og Mattilsynet, seier Landsverk.


Pressekontakt:
Siri Haugsnes, kommunikasjonsrådgiver, mobil 402 40023.



Meir informasjon om MATS finn du her:
Lenke til MATS-skjematenester
------------------------------------------------------------
Informasjonen er sendt gjennom Cision http://newsroom.cision.com