20 millionar til forskningsfartøy

Report this content

Regjeringa foreslår å auke innsatsen for å utruste forskingsfartøya med ytterlegare 20 millionar kroner.

– Godt utstyr og bruk av den nyaste teknologien er viktig for marin forsking. Eg forventar at opprustninga av forskingsfartøya våre vil hjelpe til meir presise bestandsberekningar og ei meir kostnadseffektiv toktgjennomføring, seier fiskeriminister Per Sandberg.

I proposisjonen om "Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet 2016" foreslår regjeringa ei løyving på 20 millionar kroner til utstyr for datainnsamling til Havforskningsinstituttets forskingsfartøy.

I saldert budsjett 2016 blei det løyvt 100 millionar kroner til vedlikehald og oppgradering av forskingsfartøy, som ein del av tiltakspakken for auka sysselsetjing.

Med dagens kapasitet og rammevilkår i verfts- og utstyrssektoren, er det sannsynleg at norske leverandørar og verft vil vere konkurranse­dyktige for desse leveransane.

Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no

Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.