200 millionar til næringsretta forsking
- Forsking og innovasjon speler ei nøkkelrolle i den omstillinga vi nå er inne i. Derfor ønskjer vi å styrke ordningar som får bedriftene til å forske meir, seier næringsminister Monica Mæland.
I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å auke løyvingane til næringsretta forsking gjennom Noregs forskingsråd med vel 200 millionar kroner.
-Vi må legge til rette for nye arbeidsplassar både på kort og lang sikt. Med regjeringas budsjettforslag prioriterer vi tiltak som bidrar til dette, seier næringsministeren.
Regjeringa ønskjer å prioritere følgjande program:
Brukarstyrt innovasjonsarena
Regjeringa foreslår å styrke Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) med 100 millionar kroner. BIA er Forskingsrådets største program for næringslivet.
10 millionar kroner skal øyremerkast Idelab. Idelab er ei ny ordning som skal bidra til å få fram nye og radikale idear i grenseflata mellom ulike fagfelt og sektorar, til dømes at kunnskap frå olje og gass sektoren kan vere relevante i andre sektorer.
Det vil som ei prøveordning bli opna for å gi støtte under BIA til for å auka kunnskapen på spesifikke område der ein ser særskilte moglegheiter eller behov for omstilling.
Forny 2020
For å få fram fleire gründerar og nye suksessbedrifter foreslår regjeringa å styrke FORNY 2020 med totalt 90 millionar kroner. 15 millionar kroner skal gå over Kunnskapsdepartementets budsjett.
FORNY 2020 skal bidra til at forskingsresultat når marknaden og blir kommersialisert.
25 millionar kroner skal øyremerkast ei stipendordning for å fremme studententreprenørskap og motivere studentar og stipendiatar til å bli gründerar.
Mogeleggjerande teknologiar
Regjeringa foreslår å styrke teknologiar som opnar nye moglegheiter med 10 millionar kroner. Døme på slike teknologiar er IKT, nanoteknologi og bioteknologi. Dette er teknologiar som truleg vil føre til store endringar i samfunnet framover.
Innanfor ramma vert det også opna for ei ny satsing på avanserte produksjonsprosessar. Mogeleggjerande teknologiar vert også styrka med 30 millionar kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett.
I tillegg til desse ordningane foreslår regjeringa å styrke frådragsrammene for Skattefunn og å auke satsinga på marin forsking.
I forslaget til statsbudsjett 2016 prioriterer regjeringa dei generelle næringsretta ordningane. Målet er at heile næringslivet skal forske meir, og at forskinga skal kommersialiserast.
Deler av tiltaka i 2016 er gjennom den særskilte tiltakspakka for sysselsetting og gjennom gründertiltaka. Av auken i BIA er 50 millionar kroner frå tiltakspakka for omstilling. Når det gjeld auken til FORNY, er 50 millionar kroner frå tiltakspakka.
Tiltaka i omstillingspakka er eittårige og er innretta slik at dei lett skal kunne reverserast.
Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.