30 millionar til Mechatronics Innovation Lab
Regjeringa foreslår å gi 30 millionar kroner til Mechatronics Innovation Lab i Grimstad. Med dette har laboratoriet til saman fått 100 millionar statlege kroner.
– Dette blir eit testsenter alle norske bedrifter kan ta i bruk. Laboratoriet vil gi næringslivet over heile landet moglegheita til å teste ut ny kunnskap og ny teknologi, seier næringsminister Monica Mæland.
Mechatronics Innovation Lab er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Agder og næringsklynga NODE på Sørlandet.
Senteret skal vere nasjonalt og teste nye teknologiar, produkt og løysingar. Føremålet er raskare innovasjon, fleire teknologiinvesteringar og nye arbeidsplassar. Opninga av senteret blir hausten 2017.
– I dag testar mange bedrifter teknologien sin i andre land. Med dette laboratoriet kan meir av utviklinga skje i Noreg, seier Mæland.
Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.