60 millionar til innovasjonslån
Regjeringa foreslår å auke rammene for innovasjonslån. Forslaget skal gi betre tilgang på risikokapital, og fremme omstilling i norsk økonomi.
– Dette er ei ordning med aukande etterspørsel og som særleg treffer behovet for omstilling i det etablerte næringslivet, seier næringsminister Monica Mæland.
Landsdekkande innovasjonslån bidrar med pengar til prosjekt der private aktørar ikkje vil ta heile risikoen aleine. Regjeringa foreslår nå å auke ramma til 200 millionar kroner, gjennom å løyve 60 millionar kroner til tapsfond for ordninga.
I tillegg vil regjeringa styrke tilbodet med bedriftsnettverk med 20 millionar kroner.
Bedriftsnettverksordninga gir støtte til verksemder som går saman for å finne nye løysingar og produkt.
– Innovasjonslån og Bedriftsnettverk når ut til mange verksemder i ei tid der omstillingsbehovet i næringslivet er stort, seier Mæland.
Regjeringa foreslår å styrke dei to ordningane gjennom å redusere løyvinga til miljøteknologiordninga for 2016 med 80 millionar kroner.
Ramma for miljøteknologiordninga kan fortsette på om lag same nivå som for 2016. Dette skuldas blant anna annullerte tildelingar frå tidlegare år. Omdisponeringa vil dermed ikkje påverke nivået for miljøteknologiordninga i 2016.
Les meir om innovasjonslån her:http://www.innovasjonnorge.no/no/finansiering/om-finansieringsformene/innovasjonslan/#.Vynn8T88waU
Les meir om bedriftsnettverk her:http://www.innovasjonnorge.no/no/Bygg-en-bedrift/klynger-og-bedriftsutvikling-2/oppsummering-av-informasjonsmotet/Bedriftsnettverk/#.VynoBT88waU
Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldinger og nyheter fra NFD her.