Enklare reglar for havfiskeflåten
Regjeringa har i dag bestemt å oppheve kravet om eigarfellesskap ved tildeling av strukturkvote i havfiskeflåten. – Dette vil gjere struktureringsprosessen enklare og mindre tungrodd, og spare reiarlaga for administrative kostnader, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
I havfiskeflåten har det vore eit vilkår for strukturering at det er eit eigarfellesskap mellom fartøyet som går ut av fiske og fartøyet eller fartøya som får strukturkvote for første gong.
Endringa inneber ei forenkling av regelverket, og vil spare næringa for administrative kostnader knytt til eigarendringar og omorganisering ved strukturering. Endringa fører også til at havfiskeflåten og kystfiskeflåten får samanfallande reglar.
Forslaget inneber at det er opp til reiarlaga seg i mellom å avtale kva for fartøy det skal søkjast om tildeling av førstegongs strukturkvote for. Tildelinga av strukturkvote er i alle høve også avhengig av at dei andre vilkåra for tildeling er oppfylte, og at fiskeriforvaltninga gjer nødvendige vedtak.