Fiskeriministeren til Italia
Fiskeriminister Per Sandberg gjestar Italia 6. - 7. juni. Blant anna forskingsfartøy og profilering av norsk sjømat står på menyen.
6. juni inspiserer Sandberg bygginga av Noregs forskingsfartøy «Kronprins Haakon» i La Spezia. Båten skal stå ferdig hausten 2017.
7. juni er Sandberg i Milano der han blant anna deltek i profilering av norsk sjømat på eit kjøpesenter saman med ein kjend italiensk kokk. I tillegg innleier Sandberg på eit sjømatseminar i regi av Noreg sin Sjømatråd, og har møte med den italienske tørrfiskbransjen.
Pressekontakt:
Pressevakta i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikkje sms), media@nfd.dep.no
Abonner på pressemeldingar og nyheiter frå NFD her.