Giske tok del i 50-årsmarkeringa av norsk romverksemd på Andøya

Report this content

Nærings- og handelsminister Trond Giske tok fredag del i markeringa av 50 år med norsk romverksemd på Andøya i Nordland. Markeringa fortsett med festarrangement til søndag 19. august.

Norsk romverksemd så dagens lys da raketten Ferdinand 1 vart skoten opp frå Andøya rakettskytefelt 18. august 1962. Sida den gong har norsk romverksemd utvikla seg særs positivt og Noreg er blitt ein sentral aktør også internasjonalt. Samfunnsnytta er betydelig innan forsking, miljøovervaking, teknologi og verdiskaping.

Giske heldt på Andøya fredag innlegg på eit seminar med sentrale aktørar frå norsk romindustri og Stortingets næringskomité.

- Noregs geografi og busetnadsmønster gjer at nytta av rombasert infrastruktur er særs stor. Spreidd befolkning, vanskeleg topografi, store havområdar og ein naturressursbasert økonomi gjør at norsk næringsliv, forvaltning og forskarar i stor og aukande grad baserer seg på rombaserte løysningar for navigasjon, kommunikasjon og jordobservasjon, og difor er norsk romverksemd særs viktig, seier Giske.

Seminaret vart også åstad for den formelle overrekkinga av ein evalueringsrapport av norsk romverksemd som PricewaterhouseCoopers har utarbeidd på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet.

- Eg er nøgd med at vi no har ein rapport som går inn i den norske romverksemda, og særleg deltakinga i ESA, bruken av følgjemidlane og Radarsat-avtalen, seier Giske. Rapporten peikar på så vel styrker som svakheiter med vår satsing på romverksemd, noko som gjer oss konkrete oppgåver å arbeide vidare med. Konklusjonane frå evalueringa vil ligge til grunn for regjeringas vidare arbeid for å forbetre norsk romverksemd.

Norsk romrelatert industri er liten og nisjeorientert, men særs konkurransedyktig på sine områdar. Regjeringa har som mål at norske rombedrifter skal fortsetje å utvikle seg som ein internasjonalt konkurransedyktig del av norsk høgteknologisk næringsliv.

Det har gjennom åra vert investert betydelig offentlege midlar i å utvikle norsk romverksemd. Dette har også gitt resultat. Industrien omsette i 2011 for 6 mrd. kroner. Nærmare 70 pst. av dette ble eksportert. Selskap som Kongsberg Norspace og Kongsberg Satellite Services (KSAT) er i verdseliten på sine felt.

Internasjonalt samarbeid er ryggraden i norsk romsatsing, fyrst og fremst deltakinga i den europeiske romorganisasjonen ESA. Noreg deltar også i EUs satellittnavigasjons­program Galileo og har nettopp slutta seg til EUs jordobservasjonsprogram GMES.

Ein vidareføring av offentlege investeringar i kompetanseutvikling og utbygging av infrastruktur, vidare norsk deltaking i internasjonale programmer innan mellom anna ESA, vil være viktige verkemidlar for å oppretthalde ein sterk norsk romindustri.

Vel så viktig som verdiskaping i norsk høgteknologisk industri er bidrag til oppbygging av nasjonal kompetanse og infrastruktur innan navigasjon, kommunikasjon og havovervaking. Satellittbasert infrastruktur er særs viktig i nordområda, der det finnes få andre alternativ for å ivareta behovet for kommunikasjon, navigasjon og overvaking.

Bilder kan lastes ned på Flickr: http://www.flickr.com/photos/nhd-info/sets/72157631111340786/

Fakta:

- Romverksemda er satsingsområde for regjeringa. Løyvinga i statsbudsjettet for 2012 er på i overkant av 661 millionar kroner. I løpet av dei siste 10 åra har løyvingane til norsk romverksemd auka betydelig.

- Konsulentselskapet PwC har på oppdrag frå NHD evaluert Noregs ESA-deltakelse, dei nasjonale følgjemidlane og Radarsat-avtalen. Konklusjonane er blanda og visar både styrkar og svakheiter ved den norske romsatsinga.

- Radarsat - Noreg har tilgang til data frå den kanadiske radarsatellitten Radarsat-2 gjennom ein bilateral avtale med Canada. Radarsatellittar kan observere i mørke og gjennom tett skydekke, noko som er ein stor fordel i polare områdar med mørketid og mykje dårlig ver.

Tags:

Dokumenter og linker