Høgre kvotetak for pelagisk trål

Report this content

Regjeringa har i dag bestemt å heve kvotetaka for pelagisk trål. - Med dette legg vi til rette for større lønnsemd også for denne gruppa av fiskerfartøy, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Kvotetaka for pelagisk trål blir heva frå 630 basistonn til 1000 basistonn, og maksimal konsesjonskapasitet blir auka frå 1000 m3 til 1500 m3.

Lønnsemda til pelagisk trål har svinga og er betydeleg dårlegare enn i ringnotflåten, som langt på veg fiskar på dei same fiskeartane.

Sidan dei fleste fartøya er fullstrukturerte, har det vore vanskeleg for reiarlaga å styrke driftsgrunnlaget innanfor dagens kvotetak. Ved å heve kvotetaka blir det ny fart i struktureringa. Dette gjer det mogleg å få eit betre driftsgrunnlag for dei pelagiske trålarane, og det kan igjen medverke til betre lønnsemd.