Mindre papirarbeid for sameige
- Sameige treng ikkje lenger å registrere kvar enkelt sameigar i Einingsregisteret. Dette gir mindre papirarbeid både for næringslivet og private, seier næringsminister Monica Mæland.
Dei fleste sameige er knytt til fast eigedom, og eigarar er registrerte i grunnboka.
-Det er ikkje behov for dobbel registrering. I tillegg ser vi at det har vore krevjande å samle inn og halde ved like informasjon om kven som er sameigarar. Derfor fjernar vi no kravet om å registrere desse opplysningane, seier næringsminister Monica Mæland.
Stortinget vedtok forenklinga i lova om Einingsregisteret 8. juni. Endringa trer i kraft 1. juli.
Pressekontakt:
Pressevakten i Nærings- og fiskeridepartementet, tlf 902 51 303 (ikke sms), media@nfd.dep.no